Politifolk flest ser ikkje poenget med politireforma

Resultatene viser at 80 prosent mener at det forebyggende arbeidet blir enten dårligere eller det samme som før reformen, og nesten like mange mener det samme om beredskapen.

Resultatene viser at 80 prosent mener at det forebyggende arbeidet blir enten dårligere eller det samme som før reformen, og nesten like mange mener det samme om beredskapen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Berre éin av fem polititilsette meiner politireforma gjer meining, og heile 80 prosent meiner verken førebyggjande politiarbeid eller beredskap blir betre.

DEL

Det kjem fram i ei undersøking som professorane Catrine Filstad og Tom Karp la fram på Politihøgskolen torsdag ettermiddag, ifølge Politiforum.

Dei har gjennomført feltundersøkingar, observasjonar, samtaler og spørjeundersøkingar med 4.500 polititilsette om politireforma.

Resultata viser at 80 prosent meiner at det førebyggjande arbeidet blir enten dårlegare eller det same som før reforma, og nesten like mange meiner det same om beredskapen. 70 prosent meiner at politiet har blitt mindre tilgjengeleg for publikum etter reforma. Nesten ingen av dei spurte har tru på at reforma gir betre ressursutnytting, ifølge magasinet.

– Vi ser tydeleg at vi er på veg i feil retning. I mange tilfelle har vi for få politibetjentar, og avstanden til publikum aukar. Det er interessant, men samtidig også trist, å sjå at dette i så stor grad ser ut til å bli stadfesta i forskinga som skal leggjast fram i dag, seier leiar Sigve Bolstad i Politiets Fellesforbund til Politiforum.

Artikkeltags