Lastebileigarane: – Flytt rasmidlar frå Våtedalen til Florø-vegen

KVARDAGEN: Her blir det rydda etter eitt av dei mange steinrasa som har gått på riksveg 5 mellom Naustdal og Florø.

KVARDAGEN: Her blir det rydda etter eitt av dei mange steinrasa som har gått på riksveg 5 mellom Naustdal og Florø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Tungtransportørane legg tyngda til, og vil ha rassikra rv. 5 mellom Førde og Florø.

DEL

Bodskapen frå Norges Lastebileierforbund i Sogn og Fjordane er klar skriv Firda: Dei er usamde i den rassikringsprioriteringa regjeringa har lagt opp til, og der ein milliard kroner skal brukast i Våtedalen, medan sikringsinnsatsen på rv. 5 blir langt mindre, trass i alle rasa som går der. Dette gir lastebileigarane beskjed i ei fråsegn til fylkeskommunens regionale transportplan – som rett nok handlar om det fylkeskommunale vegnettet, og ikkje om stamvegane som både E39 gjennom Våtedalen og rv. 5 til Florø er ein del av. Planen skal likevel kunne gi innspel og føringar til prosessar som gjeld Sogn og Fjordane, men som ligg utanfor fylkeskommunen sitt arbeidsområde.

«For låge ambisjonar»

– Ambisjonsnivået ved rassikring er for lågt, både på riks- og fylkesvegnettet, skriv lastebileigarforbundet. Dei meiner at trafikantar i Sogn og Fjordane køyrer med stor fåre for å bli utsette for ras eller steinsprang. Konkret nemner dei pendlarvegen mellom Førde og Florø, som bind saman dei to største byane i fylket, og som er ein veg med fleire strekningar der det er laust fjell og jamleg skjer stygge nedfall. Ein del sikringsarbeid skjer i Leversundet, men lenger inne – mellom Naustdal og Førde – er oppfatninga at berre tunnelløysing kan gi skikkeleg tryggleik.

– Einskilde vegstrekningar som rv. 5 mellom Førde og Florø bør prioriterast. Midlar som er løyvde til rassikring på E 39 i Våtedalen – over ein milliard – bør overførast til rv. 5, dersom det ikkje blir løyvd midlar til rassikring av rv. 5, skriv lastebileigarforbundet i fråsegna.

Krev meir!

Lastebileigarane i fylket kritiserer samstundes fylkeskommunen for å ha for lågt ambisjonsnivå for å hente inn etterslepet som er på vegnettet i Sogn og Fjordane.

Dei meiner fylkeskommunen må trykke meir på for å få fleire vegkroner til Sogn og Fjordane frå staten. Dette har også fylkesrådmann Tore Eriksen teke til orde for, når det gjeld rassikringsmidlane.

– Vinterstengde høgfjellsvegar, tunnelar som manglar oppgradering, rasutsette vegar og eit generelt stort vedlikehaldsetterslep viser at fylket må jobbe for større overføringar frå staten, slik at målsettinga om eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem kan bli nådd, skriv fylkesavdelinga av Norges lastebileierforbund.

Artikkeltags