Høgre vil nekte småkommunar eige barnevern

200706
Redd liten jente alene i verden. Barndom. Ensom. Forlatt. Foreldreløs. Barnevern. 
Foto: Sara Johannessen / SCANPIX
NB! Modellklarert

200706 Redd liten jente alene i verden. Barndom. Ensom. Forlatt. Foreldreløs. Barnevern. Foto: Sara Johannessen / SCANPIX NB! Modellklarert Foto:

Av
DEL

Kommunar med færre enn fem tilsette i barnevernet kan ikkje sikre ei god nok teneste, meiner Kristin Ørmen Johnsen (H). Partiet vil nekte dei å ha eige barnevern.

Ifølge Aftenposten har Høgre gjort ein gjennomgang. Den viser at 40 norske kommunar har færre enn fem tilsette, ikkje er ein del av ein prosess med samanslåing med andre kommunar eller ikkje samarbeider interkommunalt om barnevernstenesta.

– Vi veit at barnevernet er blant dei aller mest sårbare tenestene i små kommunar. Der er det små forhold, og det kan vere naboen din som er den eine i kommunen som er barnevernsansvarleg. Det blir vanskeleg å ha riktig distanse når det blir så tett og nært, seier Kristin Ørmen Johnsen, som er leiar av familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Ho trekker også fram at barnevern med få tilsette ikkje har moglegheit til døgnbemanning. Partiet vil gi kommune med færre enn fem barnevernstilsette frist ut året med å omorganisere seg. Om ikkje, ber Kristin Ørmen Johnsen Barne- og familiedepartementet vurdere om de skal fratas tenesta.

Familie- og barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) har større tro på andre tiltak for å sikre et godt barnevern.

– Eg er ikkje sikker på at det beste verkemiddelet for å heve kvaliteten i barnevernet og redusere risiko for svikt, er å krevje at alle tenester har minst fem tilsette. Det er ingen klar samanheng mellom risiko for svikt og antall tilsette, seier han til Aftenposten.

Ifølge tal frå SSB var det i desember i fjor 5 årsverk i barneverntenesta i Bremanger. Flora kommune hadde 10,6 årsverk på same tidspunkt.

(©NTB)

Artikkeltags