– Vi kan ikkje ha ein justisminister som frir til dei mørkebrune kreftene

STØTTAR MISTILLITEN: Trude Brosvik, tidlegare fylkesleiar i KrF, seier ho ville stilt seg bak mistillit-forslaget mot Sylvi Listhaug.

STØTTAR MISTILLITEN: Trude Brosvik, tidlegare fylkesleiar i KrF, seier ho ville stilt seg bak mistillit-forslaget mot Sylvi Listhaug. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: – No er begeret fullt, seier tidlegare fylkesleiar i KrF Trude Brosvik, som ville stilt seg bak mistillit-forslaget mot Sylvi Listhaug.

DEL

– Det er veldig opent kva KrF landar på, men no er begeret fullt, og det er ikkje berre den siste saka det er snakk om. Det skriv Firda.

Det seier nyleg avgått KrF- leiar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik.

I dag måndag klokka 12.00 samlast KrF til landsstyremøte for å stemme over om dei vil stille seg bak mistillitsforslaget mot justisminister Sylvi Listhaug (Frp)

Listhaug har skapt rabalder etter Facebook- innlegget sitt der ho skreiv «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet».

Spent på utfallet

Frå før står Raudt, Ap og Sp bak mistillitsforslaget mot ministeren. Stille KrF seg også bak, blir det fleirtal, noko som kan felle regjeringa.

Frå Sogn og Fjordane stiller nyvalt fylkesleiar Beate Bondevik Lie. Brosvik er spent på utfallet av dagens møte: 

– Kva ville du sjølv ha stemt for?

– Eg ville gjort det same som nyvalt fylkesleiar seier ho vil gjere; eg ville først høyrt debatten, for det kan vere mange avvegingar og moglege løysningar i det, men i utgangspunktet tenker eg vi må stå for det vi meiner er rett, og det er at vi ikkje har tillit til justisministeren. 

– Høgre må ha det frykteleg vondt

Brosvik trur KrF i første omgang uansett vil tape på saka:

– Det blir vanskeleg uansett. Nokre seier KrF ikkje kan stå bak mistilliten for det dei kallar ein bagatell, men at det må vere for ei stor og ordentleg sak. Men det meiner eg at det er. Dette handlar om kva krefter vi vil skal styre. For meg handlar dette om menneskeverd og verdisyn, og vi kan ikkje ha ein justisministeren som frir til dei mørkebrune kreftene.

– Eg tenker også at Høgre som eit anstendig parti må ha det frykteleg vondt med at dei har bunde seg fullt og heilt til Frp, slik at det er dei som bestemmer kven som er justisminister, og ikkje statsministeren sjølv. Dei bør vere sjeleglad for å komme ut av dette grepet. 

– Kva tenker du om posisjonen KrF no har?

– Dette er noko av det krevjande med å vere i ein vippeposisjon, men vi har gått inn i dette med opne auge, og dette må vi berre ta. Eg trur nok vi har ein del veljarar som ikkje ønsker Ap- regjering heller. Sjølv om eg er på venstresida i KrF, så ser eg ikkje for meg at vi går inn i ei Ap-regjering. 

Ønsker ikkje Ap- regjering heller

– Kvifor ikkje?

– Det er for mange motsetningar i den vegen vi må forhandle fram gode løysningar på.

Brosvik har aldri før opplevd like mykje politisk drama i si tid som politikar. 

– No er det i alle fall tydlege for heile verda kvifor KrF ikkje er i regjering, og det er eg sjeleglad for. Det er eit stort ansvar for regjeringssjefen vår som ikkje ser alvoret i det justisministeren vår held på med.

Mistillitt-forslaget skal diskuterast og voterast over i Stortinget i morgon tysdag. 

Artikkeltags