Heller ikkje Florø-politiet fekk oppklart Osen-kidnappinga - no blir den etterforska for tredje gong

Reidar Osen på sjukehuset kort tid etter kidnappinga.

Reidar Osen på sjukehuset kort tid etter kidnappinga. Foto:

NYHEITER: Reidar Osen vart kidnappa og mishandla for tre år sidan.

DEL

Det var i desember 2015 at forretningsmannen Reidar Osen vart overfallen i bilen sin i Bergen sentrum. Osen vart halden i bilen av tre menn som mishandla han kraftig.

Saka vart anmeld og politiet kopla på, men hausten 2016 vart saka lagd vekk. I ettertid fekk politiet mykje kritikk for måten dei handterte saka på. Året etter fekk politileiinga i Bergen ei varslingssak basert på Osen-saka. Dermed vart saka sende over til politiet i Sogn og Fjordane i håp om at eit nytt blikk på den ville føre til løysing. Det gjorde det dessverre ikkje, og no har statsadvokat Ellen Greve avgjort at saka skal sendast i retur til politiet for ytterlegare etterforsking.

Greve avsluttar pressemeldinga med å slå fast at dette er ein svært alvorleg sakstype som skal ha høg prioritet: "Det er fortsatt forhold som må avklares".

Artikkeltags