Fekk full mann inn i hagen: Sjangla og ramla inn i busker

Av
DEL

Natt til torsdag 03.40 fekk politiet telefon frå ein mann i Florø som hadde fått ein full mann inn i hagen sin, skriv firda.no.

– Mannen var godt rusa. Han datt inn i nokre busker, gjekk ut i vegen og sjangla der. Innringaren frykta vedkommande ville dette og slå seg, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Ein ambulanse blei send for å hente han.

– Vi har ikkje fått inn fleire meldingar om vedkommande etter dette, seier Magnussen til Firda.

Artikkeltags