Førar i 30-åra tatt med promille i Florø

Av

Førarkortet er beslaglagt og sak er oppretta.

DEL

Politiet melder om ein mann med promille som blei stoppa i Florø fredag kveld, skriv firda.

– Patruljen prøvde å stanse køyretøyet kl. 22.30 i går. Dei fekk kontakt med føraren, han bles og det gav utslag. Føraren blei framstilt på legevakta, førarkortet er beslaglagt og sak er oppretta, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Det kjem ikkje fram i politiloggen kor mykje mannen hadde i promille og operasjonsleiaren informerer om at det ikkje var promillekontroll i Florø.

– Eg vil anta at han blei observert for mistenkeleg køyring, seier Kolltveit.

Støy frå Festplassen i Førde

Operasjonsleiaren seier det blei meldt om støy inne på Festplassen i Førde natt til laurdag.

– Det kom melding frå ein bebuar i område som ikkje fekk sove. Patruljen var i kontakt med nokre russebussar og bad dei skru ned lyden. Då ordna det seg, seier Kolltveit.

Køyretøy kan bli vist bort frå Festplassen på grunn av støy 

Slåsting i Sogndal sentrum

Rundt kl. 01.20 fekk politiet melding om ein mann som hadde fått kroppsskade i Sogndal sentrum, etter ein slåstkamp.

– Ein 22 år gammal mann skal ha fått skade på ei tann. Han ville oppsøke legevakt for sjekk. Ein 20 år gammal mann er mistenkt, men politiet har ikkje vore i kontakt med han så langt. Dei har fått namnet på den mistenkte og vore i kontakt med nokre vitne, forklarar Kolltveit.

Sak blir oppretta.

Artikkeltags