Han er ny politimeister

Kaare Songstad er ny politimeister i politidistrikt Vest.

Kaare Songstad er ny politimeister i politidistrikt Vest. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kaare Songstad var favoritt til jobben i det nye politidistrikt Vest.

DEL

Det er Bergens Tidende som melder at Songstad er utnemnd.

Han har tidlegare vore politiinspektør ved Hordaland politidistrikt, og han var politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt mellom 2007 og 2013. Songstad har også vore avdelingssjef i Skatt Vest, og han var politimeister i Vestfinnmark mellom 2000 og 2002.

No vert han ein av dei åtte politimeistrane i dei nye og utvida politidistrikta. Desse er utnemnde for seks år.

Songstad kjem frå jobben som beredskapsdirektør i Politidirektoratet.

Artikkeltags