Haldt naboen sin fest deg vaken i heile natt?

Ei fattig trøyst: Du er langt frå åleine. Politiet har blitt nedringt.

DEL

FIRDA:– Vi har fått inn mange meldingar om høg musikk og feststøy frå folk som vil sove, men som har naboar som har festa, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Med høge temperaturar og ei vakker sommarnatt, var det mange som hadde vindauga på vidt gap- både dei som festa og dei som ville sove.

– Vi har ikkje hatt kapasitet til å prioriterer desse sakene. Vi kan ikkje køyre fylket rundt og avslutte alle festar. Men det er dessverre kjipt for dei som ikkje får sove, seier Halleraker som oppmodar folk om å ta omsyn.

Artikkeltags