Leitar etter båt på Førdefjorden - tipsar fryktar forlis

HELIKOPTER: Eit helikopter er på veg til staden. Dette bildet er tatt på andre sida av Førdefjorden og viser helikopteret medan det søker nær Ålesundet, lenger ute i fjorden.

HELIKOPTER: Eit helikopter er på veg til staden. Dette bildet er tatt på andre sida av Førdefjorden og viser helikopteret medan det søker nær Ålesundet, lenger ute i fjorden. Foto:

Tipsar fryktar båten gjekk ned. Null funn etter ein time med søk. Redningshelikopteret trekkjer seg tilbake.

DEL

(Firda) Klokka 09.30 fekk politiet melding om at ein 14-15 fots båt skal ha fått problem i Førdefjorden, ca. 300 meter ut i fjorden frå Hellevegen ved Nedre Helle.

Politiet blei tipsa frå ein person på land, og har ikkje hatt kontakt med nokon ombord i båten.

– Tipsaren observerte lys frå båten, og deretter at både lyset og båten forsvann. Han klarte ikkje sjå nokon naturleg forklaring på at båten forsvann, som t.d. at den hadde køyrde bak ein holme. Han trudde derfor båten kan ha gått ned, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest polidistrikt.

Båten har ukjent farge og er utan overbygg. Det skal vere ein god del vind ute på fjorden, ifølge han som tipsa politiet.

Klokka 10.35 har politiet sett i gang søk etter båten.

Politiet står på land og observerer frå høgda, brannvesenet har båt på veg og redningshelikopter frå Florø er sendt for å leite. Det har gått ut melding til andre fartøy i området via HRS (Hovudredningssentralen).

– Det er ikkje gjort funn av båten eller andre flytande gjenstandar som indikerer at nokon har hatt problem eller gått ned. Vi får sjå om helikopterer klarer å finne noko no, seier Dahl-Michelsen.

Ein bebuar på staden seier til Firda at naudetatane har samla seg på ved det nærliggande grendehuset. Ein brannbåt med blålys er ute på fjorden.

Klokka 11.35 er det enno ikkje gjort funn av båten eller anna som kan indikere at nokon båt er gått ned. Helikopteret avsluttar søket, medan brannbåt og politiet held fram.

– Vi trekk helikopteret tilbake til Florø på grunn av uvêr som er venta i Nordsjøen og langs Nordvestlandet, seier redningsleiar Steinar Vatne ved HRS Sør-Norge.

Rundt klokka 12.00 innstilte politiet søket, melder Firda sin journalist på staden:

Om nokon har relevante opplysingar eller observasjonar, kan dei ta kontakt med politiet på tlf. 02800.

Artikkeltags