18-åring truga vakt med bank. Måtte sove ut rusen på glattcella.

Artikkelen er over 1 år gammel

Stemninga var amper for politiet i Florø natt til søndag.

DEL

Natt til søndag var det noko uro som kom i politiet søkelys, melder politiet på Twitter-kontoen sin. Like før klokka eitt måtte politiet køyre ut til Furuholmen i Florø. Der var det fest, og tre ungdommar sette seg på bakbeina og skapte ei hissig stemning når vertane ville ha dei ut. Politiet kom og vedkommande vart vist vekk frå staden.

Nesten to timar seinare enda ein 18- åring på glattcella i drukkenskapsarrest, og er kanskje ikkje så pigg når han vakna i dag, meldt for ordensforstyrring. Vedkommande skal ha vore eit uromoment i området før, og endeleg ha truga ei vakt med bank. 

Artikkeltags