Braanaas bygger barnehage

Ola Braanaas.

Ola Braanaas. Foto:

FIRDA SEAFOOD: Firda Seafood-eigar Ola Braanaas skal tilsette 40 personar i åra som kjem, og tilbyr kommunen ny barnehage.

DEL

Barnehagen på Byrknesøy er allerede sprengd, og nye barnekull gjer at det hastar med å få på plass ei permanent, tidsriktig og god barnehageløysing på Byrknesøy, skriv Firda Seafood i ei pressemelding.

Det er allerede så trongt i dagens barnehage at det må fleire bordseter til for at ungane skal få i seg mat. Dei tilsette gjer ein kjempeinnsats for å halde det gåande, men men med så stor vekst som det er i barnetalet no, er situasjonen prekær og det hastar med å få ny barnehage på plass.

– Samstundes ser vi for oss ein kraftig vekst i sysselsettinga i åra framover; berre i Firda Seafood Group forventar vi nærare 40 nye arbeidsplassar i dei kommande åra. Skal vi klare å rekruttere gode tilsette som vil slå seg ned her ute, er barnehagedekning og skule heilt sentralt. Kjem det folk, kjem det også barn. Her er eit samspel mellom næring og kommune, og vi ønsker fortgang i prosessane. Difor har Steelhead Invest inngått avtale om kjøp av tomteareal i tilknyting til skulen på Byrknesøy, og vil tilby Gulen kommune ein fiks ferdig barnehage med to avdelingar og 45 plasser, ferdig og innflyttingsklar til neste haust.

Stealhead Invest vil umiddelbart sette i gong planleggings- og teiknearbeidet. Dei ønsker barnehagetilsette og leiinga ved Byrknes skule velkommen med i planleggingsarbeidet, slik at ein i løpet av kort tid kan legge frem eit godt forankra og ferdig konsept for Gulen kommune.

– Firda Seafood Group AS vil stå for fullfinansiering under byggeprosessen som ein anslår vil ha ei ramme på mellom 10 og 20 millionar, så får Gulen kommune vurdere om dei ønsker å overta heile barnehagen, eller inngå ei langsiktig leigeavtale på bygg og anlegg når det står ferdig neste haust, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags