Forhandlingane heldt fram til midnatt måndag mellom fagforbundet Safe og Norges Rederiforbund, utan at partane vart einige. Streiken starta umiddelbart tysdag. Truleg vil fleire installasjonar bli meir eller mindre stengt som følge av streiken, fordi så mange av dei tilsette streikar. I første omgang er det 669 offshorearbeidarar som er tatt ut i streik, men Safe melder at ytterlegare 901 medlem fordelt på 20 installasjonar kan takast ut ved midnatt søndag, om det ikkje vert einigheit mellom partane.
– Med bakgrunn i våre to krav kunne vi ikkje signere på totalpakken vi vart tilbode, stadfestar Safe-leiar Hilde-Marit Rysst ovanfor Sysla.
Krava det er snakk om er løn og pensjon, der sistnemnde var det viktigaste kravet for fagforbundet. Dei meiner at Norges Rederiforbund ønskjer å svekke gåvepensjonsordninga arbeidarane har i dag. Samstundes meiner Safe at det har vore ei dårlegare lønnsutvikling for riggarbeidarane enn andre oljearbeidarar.
Safe vil ha ei lønnsauke på 50.000 kroner for ufaglærte, noko som svarar til åtte prosent. Det kravet meiner Norges Rederiforbund er urimeleg.
– Krava, samanlikna med reguleringar for andre yrkesgrupper i næringa og samfunnet elles, er fullstendig urimelege. Konsekvensen av at meklinga ikkje førte fram er at næringa, som allereie er sterkt under press, no sendast ut i ei øydeleggande konflikt til enorm skade for renommé, økonomi og ikkje minst arbeidsplassar, skriv forhandlingsleiar for Norges Rederiforbund, Jakob Korsgaard i ei pressemelding.
Dette er innstallasjonane som rammast frå og med tysdag:
Selskap | Installasjon | Antall |
---|---|---|
Archer | Snorre B | 40 |
Cosl | Cosl Innovator | 67 |
Island Offshore | Island Well Server | 50 |
KCA Deutag | Askeladden | 59 |
North Atlantic Drilling | West Elara | 60 |
Odfjell Drilling | Deepsea Stavanger | 71 |
Transocean | Songa Enabler | 80 |
Teekay Petrojarl | Petrojarl Knarr | 106 |
Transocean | Transocean Spitsbergen | 117 |
ESS | Askeladden og Cosl Innovator | 10 |
Sodexo | West Elara | 9 |