No vil NRK flytte distriktssendingane

NYHEITER: Ønskjer å nå breiare ut, er grunngjevinga.

DEL

Difor er tanken at distriktssendingane no skal komme like etter Dagsrevyen på NRK1.

– Vi veit at nyheiter og innhald frå distrikta er attraktivt innhald for NRK1-sjåarane. Ved å flytte distriktssendingane til beste sendetid vil vi nå langt fleire sjåarar, og vi vil løyse distriktsoppdraget vårt endå bedre. Distriktsnyheitene før Kveldsnytt skal videreførast som i dag, seier distriktsdirektøri NRK, Marius Lillelien.

Endringane er ein del av vidareutviklinga av NRK sitt sendeskjema og handlar om at NRK må tilpasse seg folk sin mediebruk, heiter det i pressemeldinga. Store delar av befolkninga går over på strøyming, samstundes som nesten halvdelen av befolkninga brukar NRK1 nesten kvar dag.

I tillegg til å gi distriktnyheitene betre sendetid, vil NRK utvikle eit nytt program som skal dekke heile Norge. "Norge nå", som blir sendt frå 140 ulike stadar i landet, skal gå ut dette året. Det nye programmet kjem på NRK frå våren 2020.

I 2017 annonserte NRK at dei ville gjere fleire endringar, mellom anna korte ned dei lokale nyheitene. Men då vart protestane så store at nasjonalkringkastaren måtte snu og gi eit breiare tilbod likevel.

Artikkeltags