Tor Hjalte tek over roret frå Per Vidar Ottesen

Per Vidar Ottesen går av som driftsdirektør i Norwell.

Per Vidar Ottesen går av som driftsdirektør i Norwell. Foto:

Tor Hjalte er tilsett som ny driftsdirektør i Norwell. Ei oppgåve Per Vidar Ottesen gir frå seg etter 20 år.

DEL

Norwell stokkar i dag om toppstillingane i bedrifta, og for to kjente andlet i bybildet vert arbeidsdagen annleis. Per Vidar Ottesen, som har vore driftsdirektør i Norwell i 20 år gir frå seg ansvaret til Tor Hjalte. Ottesen har vore driftsdirektør i Norwell sidan lakseeksportøren starta i 1996. Dei to har jobba saman først I Norwell frå 2001 til 2007, og deretter frå 2012 når han tok over som salssjef i bedrifta.

– Han har gjort ein veldig god jobb i over 20 år, og har vore svært viktig for utviklinga av Norwell, som frå å vere eit nystarta eksportselskap med 2,3 millionar i eigenkapital, no er eit med 1,6 milliardar kroner i omsetning og ein eigenkapital på 85 millionar kroner, skriv Norwell i ei pressemelding.

Tor Hjalte har jobba som salssjef i Norwell sidan 2012. Og har mellom anna bakgrunn frå Varehandelens Høyskole og erfaring frå EMI Norsk, Lerum Fabrikker og Bana. Hjalte tek over stillinga 1. april.

Men Ottesen skal ikkje reise lange vegen frå sitt gamle kontor. Han tek over som viseadministrerande direktør, som er ei nyoppretta stillinga. Der får han ansvar for langsiktige kontraktar, sikring og trading av finansielle derivat. Samstundes skal Ottesen jobbe med vidareutvikling av eksportselskapet Norwell.

– Eg er veldig glad for denne løysinga. Per Vidar har lagt ned ein stor innsats gjennom mange år. Arbeidet og ansvaret for å leie eit kjøps- og salsteam i denne bransjen er svært krevjande, særskilt med tanke på dei prissvingingane og dei utforutsette volumprognosane vi har sett dei siste åra, seier administrerande direktør Ingrid Kassen i pressemeldinga.

Artikkeltags