– Å gje folk som matar ender med brød dårleg samvit, er avskyeleg og berre tull

AND - ENDER

MATING AV ENDER PÅ FLORØ INDRE HAMN, DÅ ROMJULSREGATTAEN FOR OPTIMISTAR VART AVVIKLA.

AND - ENDER MATING AV ENDER PÅ FLORØ INDRE HAMN, DÅ ROMJULSREGATTAEN FOR OPTIMISTAR VART AVVIKLA. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Debatten går framleis om det trygt eller ei å mate ender med brød. No seier ornitolog Alv Ottar Folkestad at det ikkje er eit problem.

DEL

I årevis har det på sosiale medier vore spreidd ei åtvaring om å ikkje fore ender med brød. Formaninga inneber at det skal vere helseskadeleg å kaste brødrestar til endene. Ornitolog og tidlegare leiar av Norsk Ornitologisk Forening, Alv Ottar Folkestad, meiner at rådet er heilt meiningslaust. Han har sjølv studert svaner og andefuglar i mange år.

– Det er berre tull. Vassfuglane er meir robuste enn enkelte andre hagefuglar. Når det gjeld byvatna i Florø og ender som lev på Vestlandet har dei ein god variert kost, med tilstrekkeleg tilgang på mat frå naturen. Å gje folk som viser omsorg for viltlevande fugl dårleg samvit for at dei matar endene, er for meg vederstyggeleg, seier han.

Han meiner at både måsar og ender som lev i delvis menneskeskapte omgjevnader ikkje har problem med å finne naturleg mat. I Florø finn ein mykje natur i bymiljøet. Men sjølv i reine bymiljø som byvatna i Bergen meiner Folkestad at ein ikkje skal nøle med å ta med seg ein brødskalk til endene.

– I reine menneskeskapte bymiljø kan fuglane ha problem med å finne naturleg mat i det heile. I ein sånn samanheng er fôring viktig for at ungane får overleve, understrekar ornitologen.

Kjem frå innavl og oppdrett

Det heile byrja moglegvis med at den britiske velgjerdsorganisasjonen «Canal & River Trust» lanserte ein kampanje for å informere om at brød ikkje er bra for ender. Informasjonskampanjen blei gjort på bakgrunn av nye studiar som viste at brød kunne gjere ender sjuke. I tillegg har det vore ein intern diskusjon i Norsk Ornitologisk Forening der undersøkingar frå England og USA har kopla ender og brødmat til misdanningar i fugl. Også dette reagerer Folkestad på.

– Desse studiane er i all hovudsak basert på tamfugl av stokkand, og andre artar av tamme ender og høns. Det er mellom anna studiar der grunneigarar driv med oppdrett av tusenvis av fugl i året, som så vert slept ut ei vekes tid før jakta startar. Mellom anna får desse fuglane misdanningar som gjer at dei ikkje kan flyge. At dette så vert kopla til mating av viltlevande fugl og feilernæring er for meg heilt vanvitig, seier ornitologen.

- Om ein har tamfugl har eigarane sjølvsagt ansvar for at fuglane har god nok tilgang på næringsrik mat. Men det er ein heilt annan situasjon og ein kan ikkje samanlikne desse, seier han.

God tilgang på naturleg mat

Folkestad vedgår at grovbrød er betre enn lyst brød, men at endene uansett har såpass god tilgang på mat frå naturlege kjelder at det ikkje er eit problem.

– Vestlandsvatna, slik som dei i Florø, har eit naturleg matgrunnlag – om det så er botnvegetasjon eller plantar som veks i vasskanten – så dette er heilt meiningslaust, slår Folkestad fast.

Artikkeltags