Foreldra snokar på ungane sin mobil

Illustrasjonsfoto.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

- Foreldra sitt ansvar for å beskytte barna må balanserast med barnas rett til privatliv, seier Ana Brodtkorb, leiar for samfunnsansvar og bærekraft hos Telenor.

DEL

I år er første gang barnas personvern vore ein faktor i Penetrace si undersøking av foreldres haldningar til eigen og barns nettbruk, og det er tredje gong den blir utført.

Ansvar eller snoking?

Funna viser at 55 prosent av foreldra meiner dei har rett til å sjekke barnets nettbruk utan å be om lov. 59 prosent har ein eller fleire gangar gjort det utan at barnet var klar over det.

– Vi har ansvar for å beskytte og trygge barna våre. Men vi skal òg respektere barnas rett til privatliv og ytringsfridom. Å balansere dei to er ikkje enkelt. Forklar heller barnet kvifor du vil sjekke, ikkje snok berre fordi du er nysgjerrig, seier Brodtkorb.

Fagansvarleg oppvekst og inkludering i UNICEF, Kristin Oudmayer, seier at snoking kan gå ut over tilliten mellom foreldre og barn.

– Sjølv om tala ikkje er overraskande, er det oppsiktsvekkjande at foreldre meiner dei har rett til å sjekke barnas nettbruk. Barn må kunne snakke med vener utan å frykte at foreldra snokar. Då risikerer vi dårlegare og mindre tillitsfulle forhold mellom barn og foreldre, sier Oudmayer.

For unge, men får likevel lov

85 prosent av foreldra meiner barna er for unge når dei tar i bruk nett og mobil. Over halvparten (52 prosent) har kjent seg pressa til å la barnet ta i bruk sosiale medier, sjølv om barna ikkje er gamle nok. 

- Det kan sjå ut som foreldra prøver å handtere dilemmaet ved å snoke på barnas mobiltelefonar. Eg forstår godt foreldras uro, men løyve, tillit og tid trur eg er ei betre oppskrift enn snoking, sier Brodtkorb.

I dag har 9 av 10 tiåringar smarttelefon, ifølge Medietilsynets undersøkelse Barn og Medier 2018. På spørsmål om kva barna brukte tid på dagen før, er det mobilen som kjem først. 49 prosent av barna seier dei brukar den to timer eller meir dagleg. Til samanlikning brukar 43 prosent meir enn to timar saman med familien.

– Mobilar og nettbrett kan være gode barnevakter for barn som kanskje er heime åleine før foreldra også tar ferie. Urolege foreldre bør ha ei oversikt over kva spel og appar som engasjerer barna. Men framfor å prøve å oppnå kontroll, kan ein bruke ferien til å prate med barna om kva dei likar å gjere på nett og kven dei snakkar med. Vi kan lære mykje av våre digitale barn, sier Brodtkorb.

– Det er viktig at foreldre og andre vaksne deltek i barns digitale liv, og viser interesse for det barna er opptekne av også på denne arenaen. Det kan styrke tilliten og auke sannsynet for at barna seier frå om vonde opplevingar på nett, seier Oudmayer.

Artikkeltags