– Mykje bymåse er eit varselsignal om tilstanden på kysten

Sju av dei ti måseartane som hekkar i Norge er no på raudlista.

Sju av dei ti måseartane som hekkar i Norge er no på raudlista. Foto:

NATURMANGFALD: Sju av ti måseartar slit, og verst står det til med krykkja.

DEL

Måsen skrik, skit og stuper ned mot folk som nærmar seg ungane deira. Nokre forsyner seg til og med frå kaféborda og har pådrege seg dårleg rykte hos mange.

Over halvparten er borte

Men sju av dei ti måseartane som hekker i her i landet er no på raudlista, og krykkja er den som slit mest. I løpet av dei siste 40 åra har 60-80 prosent av krykkjene blitt borte, og arten er difor kategorisert som sterkt truga.

– Vi må ta vare på artsmangfaldet, sjølv om det ikke passar heilt inn i tilværet vår, seier forskar Signe Christensen-Dalsgaard, ved Norsk Institutt for Naturforskning (NINA).

Som oss menneske flyttar måsen når tilværet blir tøft. Dei flyg bort fra kysten, fordi det er vanskeleg å finne mat og dei blir jakta på av både andre fuglar og pattedyr. For måsen er byar og tettstader på mange måter perfekte leveområde.

Hustak og -vegger erstattar naturlege holmar og skjær. Her er måsen trygg for rovdyr som havørn, kråkefuglar, rev og mink, som elles utgjer ein trussel langs kysten. Nokre av måseartane tek også gladeleg for seg av matrestar og anna søppel. Det kan gi bråk – helst i dei tidlege morgentimane.

Men slik er ikkje krykkja. Den er kresen i matvegen, styrer unna matrestar og oppsøker ikkje folk for å rote i søppelbøttene.

La fuglene i fred

På denne tida av året oppstår det ofte konflikter mellom menneske og måse, når egga klekker. Ungane forlet reiret raskt, og dei vaksne måsane kan opplevast som aggressive hvis vi kjem for nær dei små.

Også her skil krykkja seg frå andre måsar. Krykkjene hekker samla i koloniar, og ungene held seg i reira til dei er klare til å fly heimefrå. Foreldra har difor ikkje behov for å jage vekk nærgåande menneske på same måte som ein del andre måseartar. Dei kan derimot opplevast som vel bråkete og skit også til området rundt kolonien.

For krykkjene kan «urbaniseringa» vere ein nøkkel til suksess. Det viser seg nemlig at koloniane som er knytte til busetnad ofte produserer meir ungar enn dei «naturlege» koloniane. Krykkjekolonien bak huset kan utvilsamt vere irriterande, men hugs at både krykkja og dei andre måseartane er freda i hekkeperioden.

– Tenk på at denne vesle måsen faktisk er ein sterkt truga dyreart på linje med pandaen og tigeren. Krykkjene som fostrar opp ungar rett utanfor soverommet ditt kan vere med på å bevare ein sjøfuglbestand som står i fare for å bli utrydda langs norskekysten. Det er vel verd litt «måsestøy» i ein kort periode? spør Signe Christensen-Dalsgaard.

Artikkeltags