I løpet av dei 30 siste åra har det stadig blitt færre måser

TRUGA: Måsen slit. I løpet av dei siste 30 - 40 åra har måsebestanden gått sterkt tilbake.

TRUGA: Måsen slit. I løpet av dei siste 30 - 40 åra har måsebestanden gått sterkt tilbake. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den vesle måkefuglen krykkje var for 40 år sidan ein av dei vanlegaste fuglane på kysten. No er forskarar uroa for utviklinga.

DEL

Men nå er det krykkjen som det står dårligst til med, hvor hekkebestanden har gått tilbake med 80 prosent sidan 80-talet, ifølge Svein-Håkon Lorentsen, seniorforsker ved Norsk institutt for naturforskning.  Det skriv NRK.

– Om krykkja får lite næring på vinteren og har dårleg kondisjon, er dei mindre motiverte til å hekke om våren, og dei toler dårlegare forstyrringar frå til dømes havørna, seier han til NRK.

Hustaka vert som ei øy

Bestanden har ikkje berre gått ned i Norge, men over heile Nord-Atlanteren. Grunnen til det er både klimaendringar og endra næringsforhold. Men det er ikkje berre ernæring og miljø, men og den aukande bestanden av havørn.

- Om måsen får lite nærings om vinteren, er dei mindre motiverte til å hekke om våren og mindre rusta til andre trugslar, som til dømes frå havøra, seier forskaren.

Han seier at måsen ofte blir forstyrra i skjergarden av rovdyr. Difor ser ein ofte at måsene trekk inn til byen - for fuglane betyr det både mat og fred. Hustaka i byen vert som ei lita øy kor dei er beskytta mot trugslar, og der dei har tilgang til mat i bosspana i byane.

Han meiner og at dei falske fuglane på hustak har liten effekt.

– Eg vil seie at dei har liten effekt og er ei kortsiktig løysing. Måsene vert fort vant med desse, sier Lorentsen.

- Hald deg unna område der måsen har reir

Han oppfordrar folk til å la måsane vere i fred.

– Folk må akseptere måsane. Om du er ute i båt så ikkje gå i land på ein måsekoloni, og hald deg unna område der dei har reir, seier han.

Artikkeltags