Coop Vest selde for 1,8 milliardar

MILLIARDSAL: Geir Espe, adm.dir. i Coop Vest kan sjå tilbake på eit solid 2017.

MILLIARDSAL: Geir Espe, adm.dir. i Coop Vest kan sjå tilbake på eit solid 2017. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Coop Vest held fram med å fornye butikkane, spesielt i regionsentera. Det er kostbart, men viktig for å ta ein større del av marknaden.

DEL

Det skriv styret i årsmeldinga for 2017 som nyleg er levert til Brønnøysundregistera.

Coop Vest SA har 56.000 medlemmer i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre, som også er eigarar gjennom eit samvirkeføretak (SA). Coop Vest driv 65 butikkar i 28 kommunar.

Dei siste åra har dei satsa stort på nye butikkar i regionsentera, seinast i Dale der ein Extra-butikk opna i november i fjor. Dette er ein strategi som skal halde fram.

Omsetnaden auka frå 1,786 milliardar kroner i 2016 til 1,859 milliardar i 2017. Overskotet (etter skatt) var 18,9 millionar kroner i fjor, ein knapp million svakare enn året før.

Eigenkapitalen var på solide 41,9 prosent av totalkapitalen ved utgangen av 2017.

– I ein situasjon med framleis stor investeringsaktivitet er styret nøgd med at ein klarer å styrke ein allereie god eigenkapital, skriv styret i årsmeldinga.

Coop Vest kan komme til å slå seg saman med Coop Orkla Møre 

Inngår samarbeid og legg store planar for Domus-tomta i Førde 

Artikkeltags