Stadig fleire unge vil utdanne seg i same retning som Kristoffer

Kristoffer Karstensen er 20 år gammal og lokalitetsleiar i E. Karstensen Fiskeoppdrett.

Kristoffer Karstensen er 20 år gammal og lokalitetsleiar i E. Karstensen Fiskeoppdrett. Foto:

Og no vil fiskeriministeren legge til rette for at det blir endå fleire.

DEL

Søkartala til vidaregående utdanning viser at fleire søker på både akvakultur og på fiske og fangst. For sistnevnte gjekk tal søkarar opp 20 prosent frå 2018.

Flest fra Nordland og Møre og Romsdal

Totalt er det til saman 501 elevar som har søkt seg til VG2 innan fiskeri og havbruk. Det tilsvarar ein oppgang på 130 prosent frå 2012.

– Talas tale er klar: Fleire ungdommer vel ei "blå" utdanning. Det er ein vinn-vinn situasjon både for dei unge og for sjømatnæringa, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Han gjekk heller på jobb med faren enn i barnehagen - no er han 20 år og lokalitetsleiar 

Innan akvakultur er det flest søkarar frå Nordland og Troms, medan det innan fiske og fangst er flest frå Møre og Romsdal og Nordland.

2,5 millioner i aktivitetstilskudd

Nærings- og fiskeridepartementet vil bidra til at det blir arrangert aktivitetar som viser ungdom moglegheitene i sjømatnæringa.

– Eg har tru på informasjon gjennom aktivisering av dei unge. Eg har difor sett av midlar slik at dei blir endå betre kjende med sjømatnæringa, seier fiskeriministeren.

Nærings- og fiskeridepartementet har sett av 2,5 millionar kroner i tilskot til aktivitetar som synliggjer sjømatnæringa som ein god og attraktiv arbeidsplass for unge.

Tiltaket det blir søkt om midlar til, skal komme ungdom til gode og ha eit nasjonalt eller regionalt nedslagsfelt. Det blir stilt krav om aktivisering av deltakarane. Innovative, marine aktivitetar som fokuserer på teknologi, realfag og/eller entreprenørskap vil bli prioriterte.

Artikkeltags