No får alle fylke eige mobbeombod

NY ORDNING: Frå hausten av får alle fylke mobbeombod. – Alle barn har rett til eit mobbefritt og trygt miljø i barnehage og skule, seier Torbjørn Røe Isaksen.

NY ORDNING: Frå hausten av får alle fylke mobbeombod. – Alle barn har rett til eit mobbefritt og trygt miljø i barnehage og skule, seier Torbjørn Røe Isaksen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Frå hausten 2018 skal det vere eit mobbeombod i alle fylke. Det vil styrke det lokale arbeidet med mobbing i både barnehage og skular.

DEL

– Alle barn har rett til eit mobbefritt og trygt miljø i barnehage og skule. Med eigne ombud i fylka gjer vi vegen til hjelp kortare for mobbeoffera og familiane deira. Eg er glad vi får på plass denne ordninga saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

I dag har fem fylke eigne mobbeombod retta mot barnehage og skular. Den nye ordninga som skal gjelde alle fylka vil bli finansiert som eit spleiselag mellom fylkeskommunane og staten melder Firda.

– Vi legg opp til ei nasjonal ordning, men gir samstundes rom for lokale tilpasningar. Fylka har gode føresetnadar for å finne gode lokale løysningar ved å mobilisere sine nettverk, seier Røe Isaksen.

Ordninga skal også bidra til eit godt samarbeid med eksisterande elev- og lærlingeombod om mobbesaker i vidaregåande skule.

– Mobbing er forferdeleg for barn som vert råka, og det er eit alvorleg samfunnsproblem. Arbeidet med mobbing må difor starte tidleg og allereie i barnehagen, seier kunnskapsministeren.

– Fylkesvise mobbeombod er ein viktig start. Så skal evalueringa gje innspel til korleis ombodsordninga bør innrettast i dei nye regionane etter 2020. Hensikta er å få på plass eit varig, oversiktleg og tilgjengeleg ombodssystem for barnehagebarn, elevar og foreldre, seier Røe Isaksen.

Artikkeltags