Antibiotikabruken fell - og Sogn og Fjordane er mellom dei flinkaste i klassen

Illustrasjonsfoto.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

NYHEITER: Det betyr at myndigheitene sitt mål kan nåast.

DEL

Det har vore ein ganske jamn nedgang i bruken av antibiotika dei siste åra. Sidan 2012 er bruken redusert med 23 prosent, viser tal frå Apotekforeningen sin bransjestatistikk.

Det er eit helsepolitisk mål å redusere bruken med 30 prosent innan utgongen av 2020 - og ein er no i rute til å nå dette målet.

– Helsetenesta er på god veg, men skal vi nå målet må det framleis gjerast ein innsats. Skal antibiotika vere eit effektivt middel mot infeksjonar også i framtida, må vi bli meir restriktive i bruken og bruke smalspektra antibiotika når det er mogleg, seier fagdirektør Per Kristian Faksvåg i Apotekforeningen.

Tala frå Apotekenes bransjestatistikk omfattar legemiddelgruppa antibiotika med unnatak av det antiseptiske middelet Hiprex, som ikkje forårsakar resistensutvikling. Dei viser at bruken av antibiotika per innbyggar gjekk ned med 3,8 prosent frå 2017 til 2018 målt i tal definerte døgndosar. Men denne nedgongen er mindre enn i fjor, då reduksjonen var på heile fem prosent. Skal målet nåast innan 2020 må bruken reduserast i same takt som i 2018 også i år og neste år.

Det er i primærhelsetenesta at nedgongen er størst, og ettersom det er denne som står for 85 prosent av antibiotikabruken, er det ekstra positivt at det blir teke grep her, meiner Faksvåg.

– Tala tyder på at fastlegane har teke resistensutfordringa på alvor og har tatt viktige og riktige grep dei siste åra, seier Faksvåg, som også trur det er større forståing i befolkninga for at ein må redusere bruken.

Det er store skilnader mellom fylka når ein ser på den prosentvise reduksjonen, og her ligg Sogn og Fjordane på andreplass med ein reduksjon på 26 prosent. Oslo har førsteplassen med 30. I andre enden av skalaen ligg Telemark med ein reduksjon på 15 prosent per innbyggar, og Nordland med 18. Elles har det generelt vore ein reduksjon på 20 prosent.

Ser ein på kor mange antibiotikadosar som blir brukte per innbyggar, ser kartet annleis ut. Då er det Sogn og Fjordane og Finnmark som har lågast forbruk, medan Østfold og Agderfylka har det høgste.

Artikkeltags