Det er sunt, billig og bærekraftig - Jørgen viser deg kva naturen byr på

Jørgen Ravneberg

Jørgen Ravneberg Foto:

MAT: Jørgen Ravneberg har skrive "Sankeboka" og vil lære oss kor mykje det er å hente i naturen.

DEL

– Boka "Sankeboka" har nokre grunnoppskrifter, og den har sesongkart, kjøkkenkategorisering, bilder, tips, triks og elles alt ein forventar av ei plantebok, forklarar forfattar Jørgen Ravneberg.

Alle ville vekstar unnateke sopp

Gartnarsonen frå Alta er kjøkkensjef hos Kolonihagen Frogner og har jobba i restaurantbransjen i 13 år. No har han skrive bok der han forsøker å spreie kunnskap om kva naturen byr på - heilt gratis, til den som veit kva han skal sjå etter.

Tanken er at boka skal vere den ultimate guiden til etande ville vekstar, og omhandlar alt unnateke sopp. Det er ei rein handbok, utan noko tull, i eit enkelt, lågterskel format for at kven som helst skal lære seg sanking.

– Der mange bøker dei siste åra har vore kombinerte med oppskrifter i eit nærast fifty/fifty-format, har denne boka berre ein prosent oppskrifter, seier Ravneberg, og påpeikar at sanking historisk sett er vår viktigaste kjelde til matauk.

– Bærekraft i praksis

– Dei seinaste åra har kunsten å hauste sin eigen, gratis, velsmakande og bærekraftige mat fått eit stort løft hos den generelle befolkninga. Vi blir mer og mer medvitne om skadene ved overbruk av jorda, vere seg landbruk, oppdrett eller dyrehald. Samstundes ser vi også skadane av overdriven import på frukt, grønnsaker og kjøt frå andre delar av verda, som regel med flytransport.

– Sanking er bærekraft i praksis. Det er ein sunn og lærerik måte å komme seg ut i naturen, hauste mat og råvarer til drikke og samstundes få ein større nærleik til kva som skjer i utkanten av byane våre. Sanking brukar naturen uten å skade den, som i samtiden er både viktig, populært og nyttig å kunne, strekar Ravneberg under.

Han meiner Sankeboka hans skil seg kraftig ut, ved å ha alt ein treng for å komme i gang, "utan noko ekstra «tull», som han seier.

Totalt blir over 580 etande underartar og slekter omtala.

Artikkeltags