Fritidsbåt sokk på fem minutt. Berga av tysk seglbåt

Av

Det tok fem minutt frå båten byrja å ta inn vatn til han sokk.

DEL

FIRDA: Havariet skjedde i Vågsfjorden rett sør for Måløy tysdag kveld, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Sjå kart til slutt i artikkelen.

– Det gjekk fem minutt frå fritidsbåten byrja å ta inn vatn, til han sokk. No ligg han på 95 meters djupn, seier Algrøy til Firda.

Om bord var ein mann og ei kvinne på kring 60 år. Dei rakk å ringe via kystradioen, som igjen kontakta Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Heldigvis var ein tysk seglbåt i nærleiken, og mannskapet der berga dei to og tok dei med inn til Måløy.

Politiet har snakka med paret, og det vert oppretta ei sak for å prøve å finne ut kva som var årsaka til at båten gjekk ned.

Operasjonsleiar Algrøy kan førebels ikkje seie noko om årsaka til hendinga.

Artikkeltags