Fryktar mangel på norske poteter, gulrøtter og løk

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

På grunn av tørka i Norge fryktar Bama og Gartnerhallen at det til våren kan bli mangel på norske poteter, gulrøter og løk.

DEL

Bama har saman med Gartnerhallen og butikkjedene oppretta fleire utval for å sjå på korleis dei kan løyse utfordringane tørka har ført med seg. Det skriv VG. Mellom anna kan det dreie seg om å tillate mindre produkt enn det som er vanleg.

– Vi håper det norske folk vil vere med i dugnaden og ete norske produkt - sjølv om dei ser litt rarare ut enn vanleg, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Pia Gulbrandsen i Bama.

Ho seier at den største utfordringa er at det i dag ser ut som lageret for løk går tomt i mars. Det er to månader tidlegare enn vanleg. Når det kjem til poteter og gulrøter, forventast rundt 80 prosent av det som vanlegvis dyrkast i Norge. Det vil seie at ein også på desse produkta kan stå med hendene tomme tidlegare enn vanleg.

Om det vert mangel på norske grønsaker, vert tollen oppheva slik at det vert lettare for importørar å hente inn utanlandske grønsaker.

Artikkeltags