Sauebøndene har fått betalt knappar og glansbilder for kjøtet, men no minkar lageret

Trillinglam hos Jan Arve Midtbø våren 2013.

Trillinglam hos Jan Arve Midtbø våren 2013. Foto:

LANDBRUK: Det blir første gong på mange år.

DEL

Det har vore ein overproduksjon av sauekjøt, men i år spår Nortura at det vil produsert mindre kjøt enn det som blir selt.

Dei har oppmoda sauebøndene om å trappe ned, og fleire har følgt oppmodinga.

Berekninga går ut på at det vil bli sleppt omkring tre prosent færre dyr på beite i år, og det vil gi ein produksjonsnedgong på seks prosent. Det igjen gir ei underdekning på omkring 600 tonn, som dei 2000 tonna som ligg på lager fint dekkar inn. Det er første gong sidan 2014 at det er underdekning i sauekjøtproduksjonen.

– Et meir lammekjøt, berg kulturlandskapet! 

Det er sauekjøtet som er problematisk å bli kvitt. Når det er nok lammekjøt, er det det folk vil ha, medan sauekjøtet blir liggande igjen.

Artikkeltags