Bøndenes inntekt krympar med 23.500 kroner per årsverk

Jordbruket kan i snitt vente ein inntektsnedgong på 23.500 kroner per årsverk i 2019, i følgje Budsjettnemnda for jordbruket.

Jordbruket kan i snitt vente ein inntektsnedgong på 23.500 kroner per årsverk i 2019, i følgje Budsjettnemnda for jordbruket. Foto:

Fjorårets tørkesommar er ein av årsakene, seier fykesleiaren i Bondelaget.

DEL

Tala frå Budsjettnemda for jordbruket syner inntektsutviklinga i næringa, og det er denne utviklinga som blir lagd til grunn for kvart jordbruksoppgjer. Den ferske prognosen frå Budsjettnemda syner at jordbruket kan forvente ein berekna inntektsnedgang på 23.500 kr per årsverk i 2019.

Andre grupper i samfunnet har ein berekna inntektsvekst i 2019 på kr. 18.200

– Overproduksjon, svak prisutvikling på maten vi produserer, auka kostnadar og tørkesommaren 2018 gjer at inntektene går ned, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Om ein ser konkret på prognosane for inntekta i 2019 for Vestlandet, så syner referansebruka innan mjølk ein auke i  inntektene på omtrent 10.000 kroner, medan ein ser ein nedgang i inntekta for sauebruka på rundt 5000 kroner. Vestlandsbonden er blant dei som ligg lågast i inntekt, difor er det viktig at det kjem eit løft på inntektene her, meiner Bondelaget.

Eitt lyspunkt er at gardsbruk som driv med frukt og bær har god inntektsutvikling, fortel Felde. 

Budsjettnemda sine referansebruk syner ei forventa inntekt på 449.300 kroner per årsverk i 2019, opp frå 384.600 kroner i 2017.

– For frukt og bær går det i pluss, og det er positivt.

– Jordbruksoppgjeret handlar om beredskapen for å forsyne den norske forbrukaren med mat, om matsikkerheit, det handlar om 50.000 arbeidsplassar i norsk næringsmiddelindustri og det handlar om eit landbruk som nyttar areal over heile landet. Inntekt er det viktigaste verkemiddelet for at norske bønder skal greie å levere dette i framtida. Gapet i inntekt mellom andre grupper og bøndene har auka i 2018, og det er avgjerande at vi no greier å snu utviklinga.

Felde meiner også det er svært viktig ein får verkemiddel til å regulere marknaden, slik at den kjem i balanse, og at politikarane må prioritere eit løft av inntekta til norske bønder.

Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) utarbeider årleg grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane. Nemnda har som hovudoppgåve å legge fram materiale som kan danne grunnlag for vurdering av jordbruket si økonomiske stilling, først og fremst til bruk under dei årlege jordbruksoppgjera.

BJF legg fram Totalkalkylen som er ein totalrekneskap og eit budsjett for jordbruket i Norge. I tillegg legg dei fram ein oversikt over utviklinga for utvalde referansebruk.

Jordbruksforhandlingane mellom jordbruket sine faglag (Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag) og staten startar 29. april. Då legg jordbruket fram sitt krav.   

Artikkeltags