Kvinnedagen gjer comeback etter 20 år

8. MARS: Wenche Hovland frå krisesenteret, Kari-Ann Søreide i Nei til EU, Siri Odjik Solbakken i Sosialistisk Venstreparti og Bente Nygård i Arbeidarpartiet. FOTO: M. SOLBAKKEN

8. MARS: Wenche Hovland frå krisesenteret, Kari-Ann Søreide i Nei til EU, Siri Odjik Solbakken i Sosialistisk Venstreparti og Bente Nygård i Arbeidarpartiet. FOTO: M. SOLBAKKEN

Artikkelen er over 1 år gammel

– Likestillingskampen er like viktig den dag i dag, difor markerer vi 8. marsfor første gang på over 20 år, seier Kari-Ann Søreide.

DEL

Det er Raudt Flora, Nei til EU, krisesenteret, Utdanningsforbundet, Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet som har gått saman om å arrangere 8. mars på samfunnshuset denne veka. Med besøk frå Oslo.

70-talets store dag

Kvinnedagen, som først kom hit til lands på 1920-talet, er kanskje sterkast assosiert med 70-talet. Då kan nokre minnast 20.000 deltakande kvinner og menn i urbane strøk, og fleire hundre lokalt. Sjølv om det har vore fleire sporadiske feiringar av 8. mars sidan den gong i Florø, mellom anna i regi av Sosialistisk Ungdom (SU), er det lenge sidan fleire lag og organisasjonar har gått saman slik dei gjer no i 2018. 24 år etter for å vere presis.

Siri Solbakken i Sosialistisk Venstreparti minnast at ho sjølv deltok i arrangeringa frå si tid i SU.

– Sjølv om ein trur at likestillingskampen er over, er den ikkje det, og det er då viktig å sette fokus på desse spørsmåla, seier ho.

Støtte får ho frå Wenche Hovland frå krisesenteret.

– Vi må kkje gløyme at sjølv om vi har det godt i Norge, er ikkje kampen ferdig. Noko «metoo verkeleg har vist, seier ho.

#Metoo

Det er i kjølvatnet av #metoo -kampanjen at skeivfordelinga mellom kjønna er blitt særleg synleg, poengterer Kari-Ann Søreide i Nei til EU.

– Difor er det særleg viktig at vi no tek tak og hentar opp att denne dagen, som mange av oss framleis hugsar frå sine stordomsdagar på 70-talet. Den er alt anna enn avleggs, seier ho.

Med på dagen kjem det internasjonal appell og innlegg frå Wenche Hovland frå krisesenteret. Størst fokus får ein tale om sosial dumping i kvinneyrke. Den skal Helene Bank, spesialrådgjevar for Alliansen For Velferdsstaten halde.

– Det er så utruleg viktig å sette fokus på, for det er rovdrift på kvinner via private firma som skor seg på austeuropeiske helsearbeidarar og øydelegg arbeidsplassar. Med ei løn på knappe 50 kroner i timen – i Norge! seier Søreide energisk.

Gratis-arrangementet opnar dørene torsdag ettermiddag.

- Vi håpar så mange som det berre er mogleg kjem for å markere kvinnedagen saman med oss på torsdag, seier ho.

Underhaldning vert det av damekoret Fryd.

Artikkeltags