Blir det bål på Rota?

Artikkelen er over 2 år gammel

Og andre jonsokarrangement i Flora og Bremanger.

DEL

Natta mellom 23. og 24. juni feirar vi Jonsok eller Sankthans. Og det har vi gjort i mange tusen år. I Flora og Bremanger vert ei rekke bål tent, i både bygd og by. For florøværingane er det alltid eit spørsmål om det vert bål på Rota, og det kan Kristoffer Hove bekrefte.

Nyskipa Florø Bålbyggerlag har tatt på seg ansvaret med å sikre at tradisjonen består og Rota-bålet ikkje forsvinn frå jonsokaftan i Florø. Det er Kristoffer Hove som styrar skuta.

– Ja, det ser ut som det løyser seg i år. Men det er alltid nokre spenningsmoment, som at eine båten vi skal nytte i helga er hamna på verkstad.

Dei får støtte frå fleire lokale firma, og mest av alt frå E. Karstensen, Felleskjøpet, Havskyss og Florø Pro Stål Service AS.

– Desse har gitt oss god støtte, og lånar oss utstyr og båt for å sikre at bålet kjem på plass. I tillegg har vi fått ei mengd med pallar frå Safari Engros, seier Hove.

Og det er ikkje reint få pallar som trengt for å lage Rota-bålet.

– Det ser kanskje lite ut, men det vert no tusen pallar som vert løfta og bore opp. Det kjennast godt i ryggen etter bålet er bygd ferdig, seier han.

Her er oversikta over jonsokfeiringar i Flora og Bremanger

Flora

Vi har prøvd å samle ei lita oversikt over dei arrangementa som finst i kommunane.

Før båltenning på Rota, vert det familiesamling på Sørstrand med bål klokka seks på laurdag ettermiddag. På Rota blir bålet tent klokka 21.

Det er samstundes jonsokfeiring på Nybømarka i Florø, tidlegare på dagen. Med oppstart allereie klokka tre laurdag ettermiddag, organiserer dei både natursti og fotballkamp.

Når det kjem til øyane, er det jonsokfeiring på Stavøya klokka seks laurdag kveld. På Askrova er det bålbrenning i Devika om vêret held seg, der grendelaget stiller med grill. På Svanøy er det Veikingkonvoi både fredag og laurdag, og jonsok vert markert med sal av grillmat og konsert med Mr. Earl and the Oldtimers. På Batalden Ishus erdet jonsokfeiring og intimkonsert med William O. Iversen. Her må ein ta med eigen grillmat, medan baren er open utover kvelden. Sjølv om konserten primært er tenkt å vere ute, vil den flyttast inn om vêret krev det.

I Eikefjord er det jonsokfeiring i Kirkebukta på laurdag ettermiddag. Der er det 9. klasse som arrangerer for å samle inn pengar til klassetur.

I Standal inviterer dei til jonsokfeiring på kveldstid i Standal skule.

I Nordalsfjorden er det jonsokmarkering på Moane klokka åtte laurdag kveld, med raumegraut, bål og leikar.

Også på Teigen leirstad vert det jonsokfeiring, men denne vert arrangert på søndag ettermiddag. Her vert det fiskekonkurranse, songinnslag og bålbrenning.

Bremanger

I Svelgen er det tid for Svelgentreffet, med både motorshow, tautrekking og barnecruising. Sidan det er lagt til jonsokkvelden vert det tenning av bål klokka 17:00, og jonsokmoro for vaksne etter klokka 20:00.

På Blålidflaket, mellom Leirgulen og Bortne, inviterer dei til tradisjonell jonsokfeiring, med raumegraut, grillmat og loddsal. Det same oppsettet vert det samstundes i Berle, med oppstart klokka seks laurdag kveld.

I Vidsyn i Førs vert det både mat, bål og skramletog, noko dei minste førsarane set stor pris på.

Også Botnane, Ålfoten og Davik vert det jonsokfeiring.

Veit du om andre jonsokfeiringar? Send oss ein e-post til maiken.solbakken@firdaposten.no

Artikkeltags