Nesten alle musikkfestivalane våre får pengane dei søkte om

Bob Geldof på Utkant 2015

Bob Geldof på Utkant 2015 Foto:

Kulturrådet har dryssa pengar over landets festivalar og også tenkt litt på framtida.

DEL

Til saman får Sogn og Fjordane 9.225.000 kroner, fordelt på åtte festivalar. Den heilt store "vinnaren", er også festivalen med det største budsjettet i utgangspunktet - Førdefestivalen - som får 6,3 millionar kroner. Den einaste andre som kjem opp i eit millionbeløp, er Norsk Countrytreff på Breim.

Opprinneleg var det søkt om 11.369.000 kroner, noko som betyr at nesten 82 prosent av søknadane vart innvilga. Den høge prosenten av innvilga prosjekt gjeld mange av fylka; Telemark og Sør-Trøndelag får innfridd alle sine søknader. Kulturrådet seier dette heng saman med at festivalar er langsiktige tiltak, som gjerne etablerar seg med verksemdsliknande trekk.

Sjølv om prosenten for innvilga midlar er høg, får Sogn og Fjordane 205.000 kroner mindre enn førre gong.

– I dei to siste behandlingsrundene har vi gjort oss nokre refleksjonar rundt effekten av fleirårige løyvingar. For å gi føreseielege rammer blei det i fjor gitt rekordmange av dei - noko som heilt klart gir god stabilitet til dei som får det. Samstundes reduserer det moglegheitene for at desse festivalane får delta i konkurransen om eventuelle aukingar i den økonomiske ramma, seier leiar av musikkutvalet for arrangør- og festivalstøtte, Jan Ole Otnæs.

For å legge til rette for god føreseielegheit for festivalane og samstundes følgje opp utviklinga for festivalfeltet som heilskap, ønskjer utvalet å sjå alle i samanheng om tre år, noko Otnæs meiner er naturleg.

– Antall festivalar er stadig aukande, samstundes som ei rekke andre endringar gjer seg gjeldande; mellom anna føresetnadane for utøvarar, endra publikumsvanar og økonomiske ringverknader internasjonalt, både i artistbransjen og festivalbransjen, seier han.

Festivalane som får pengar i Sogn og Fjordane er:

Balejazz (Balestrand) - 200.000 kroner 2018 og 2019

Fjordblues (Sandane) - 100.000 kroner 2018 og 2019

Fres Festival (Fresvik) - 150.000 kroner 2018

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival - 6,3 millionar 2018, 2019 og 2020

Gloppen Musikkfest - 400.000 kroner 2018, 425.000 kroner 2019

Malakoff (Nordfjordeid) - 300.000 kroner 2018 og 2019

Norsk Countrytreff (Breim) - 1.430.000 kroner 2018, 1.200.000 kroner 2019

Utkant (Skjerjehamn) - 350.000 kroner 2018 og 2019

Artikkeltags