Full utrykking etter melding om mann som hadde falle ned frå ei hytte

Av

To av dei fire karane på hytta vart sett til av helsepersonell, men ingen viste seg å vere skadd.

DEL

FIRDA: Klokka 02.10 i natt fekk politiet melding om at ein person hadde falle ned frå ei hytte i Florø. Politi og ambulanse rykka ut til staden.

– Då politi og ambulanse kom fram til hytta, var det ein gjeng med fire unge menn til stades. Det var ein del alkohol inne i bildet, seier operasjonsleiar i Politiet, Morten Rebnord til Firda.

Etter litt om og men, vart det klart at ingen hadde falle frå hytta. To av dei vart likevel sett til av helsepersonell.

– Våre utsende konkluderte med at det gjekk fint med alle fire, og at ingen var skadd, seier Rebnord.

Det vart ikkje gjort vidare oppfølging av politiet.

Operasjonsleiaren kan fortelje at det utanom denne hendinga det har vore ei roleg natt for politiet. Både i Sogn og Fjordane og i Hordaland.

Artikkeltags