Gjeng med gutar prøvde å bryte seg inn i transformatorkiosk ved Krokane

Foto:

DEL

19:45 vart det meldt til Firdaposten at ein gjeng med gutar i 10 års alderen var observert å ha prøvd å bryte seg inn i transformatorkiosken på Krokane.

Dei skal ha brukt stige og kubein for å dirke opp plankane og låsen.

SFE Nett vart meldt og dei fekk gutane vekk, for å unngå at det skulle skje eit uhell, ettersom det er høgspenningsfare.

Nokre av foreldra vart informert, og SFE Nett skal ha rydda opp seinare på kvelden.

Artikkeltags