Kirurg kritisk til at Helse Førde får operere nyrekreftpasientar

FÅR OPERERE: Helse Førde og Helse Fonna får halde fram med å operere bryst- og nyrepasientar trass i at dei bryt nasjonale anbefalingar for tal operasjonar per avdeling og per kirurg.

FÅR OPERERE: Helse Førde og Helse Fonna får halde fram med å operere bryst- og nyrepasientar trass i at dei bryt nasjonale anbefalingar for tal operasjonar per avdeling og per kirurg. Foto:

Helse Førde hadde 16 nyrekreftoperasjonar i fjor. Kravet er 20. Det uroar kirurg på Haukeland sjukehus, som meiner slike operasjonar må gjerast hos dei.

DEL

– Det er ingen gode nok argument for at ein skal halde fram med å operere nyrekreftpasientar fire stadar i vår region, og det er uforståeleg at Helse Vest legg seg på ei linje som bryt med nasjonale føringar. Her har alle råd og instansar gått inn for sentralisering, unnateke dei sjukehusa som mistar tilbodet.

Det skriv Christian Beisland, avdelingssjef for urologi ved Haukeland sjukehus, i ein kronikk i Dagens Medisin.

Opererte 16, kravet er 20

Helse Førde og Helse Fonna får halde fram med å operere bryst- og nyrepasientar trass i at dei bryt nasjonale anbefalingar for tal operasjonar per avdeling og per kirurg. Det bestemte styret i Helse Vest førre veke, skriv Dagens Medisin.

Ifølgje anbefalingar frå Helsedirektoratet bør kvar sjukehusavdeling ha minst 20 nyrekreftoperasjonar årleg, og kvar kirurg bør utføre 10 inngrep. I Helse Førde gjekk 16 pasientar gjennom nyrekreftkirurgi i fjor, medan tilsvarande tal for Helse Fonna er 11.

Beisland meiner det beste for pasientane er å sentralisere all nyrekreftkirurgi til Stavanger og Bergen.

– Spør kirurgen

I ei risikoanalyse som har blitt gjort, meinte ein at opptaksområde og tal kirurgar er kritiske faktorar i Helse Førde. I Helse Fonna er volumet for nyrekreft vurdert som kritisk og talet på kirurgar alvorleg.

– Nye behandlingsmetodar gjer at ein rett og slett ikkje får nok trening når ein berre har 10–15 pasientar i året, seier Beisland.

I kronikken peikar Beisland på ei rekke ulemper ved at småsjukehusa framleis skal operere desse pasientane, mellom anna auka fare for overbehandling.

Beisland meiner at ein pasient bør spørje sjukehuset kor mange operasjonar dei har gjort, og viss ikkje det er i tråd med nasjonale retningslinjer, bør ein bli beden om å bli send til ein stad som oppfyller krava.

Har innført tiltak

Fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem, seier til Dagens Medisin at det er innført fleire tiltak, og at samarbeidskrava mellom sjukehusa skal skjerpast, for å sikre rett behandling.

Mellom anna skal alle nyrekreftpasientar frå Helse Førde og Helse Fonna diskuterast i multidisiplinært møte med Helse Bergen eller Helse Stavanger, før ein tek ei avgjerd om, og i så fall kor, pasienten skal behandlast.

Artikkeltags