Ægir og Kinn frå Sogn og Fjordane på topp blant 152 juleølsortar

GODT TIL MAT: Bryggerimeister Espen Lothe i Kinn bryggeri, meiner det er viktig at juleølet passar til julematen.

GODT TIL MAT: Bryggerimeister Espen Lothe i Kinn bryggeri, meiner det er viktig at juleølet passar til julematen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NÆRINGSLIV: Ægir kom øvst på lista, og Kinn kom hakk i hæl då 152 juleøl-sortar frå Vinmonopolet skulle vurderast i Magasinet i Dagens Næringsliv.

DEL

– Klart det er veldig kjekt å få ei sånn utmerking. Det er mykje stoltheit bak eit handtverksprodukt som vi lagar, og det er ein heil gjeng som står på her når vi sender ut eit sesongprodukt. Når vi får ein toppscore på det, så er det klart at det er veldig, veldig hyggeleg, seier Evan Lewis ved Ægir bryggeri. Det skriv Firda.

Lewis fortel at dei i år har gått for ganske tradisjonelle brygg, i motsetnad til tidlegare år der dei har vore litt meir utradisjonelle og blant anna brukt meir krydder. I fjor droppa dei juleøl og lanserte i staden to slags vinterøl, for å forlenge sesongen. I år er dei tilbake til julestemninga, med fire sortar juleøl.

Den som vann er ein julebokk. Den er inspirert av det som er ein tradisjonell undergjæra tysk bokk. Lewis fortel at dei bestemte seg for ein tradisjonell øl med veldig reine smakar. Han har nøytral smak, og ei samansetting av maltsortar.

– Ein behageleg og balansert øl som vil passe bra til årets julemat, seier han.

– Vi har teke ein liten vri sjølvsagt, fordi det skal ha eit eige preg over seg, seier Lewis.

Harmonisk juleøl

Om Ægir Eldir Julebrygg, skriv testpanelet: «Lett krydra duft med hint av karamell og vørter. Blaut og avrunda, balansert på smak med eit fin krydderpreg. Fyldig og lang finish. Eit verkeleg pent juleøl. Passar godt til lam».

Om Kinn Julefred, skriv DN at han «duftar av sitrus og lakris med hint av vørter. Lett balansert søtleik på smak med ein balansert frisk smak og lengde. Eit harmonisk juleøl med ein blaut utgang. 
Passar til røkt pinnekjøtt og til lam».

Tydeleg fokus på at det skal passe til mat

– Vi brukar vanlegvis å score veldig bra på DN-testen, seier bryggerimeister Espen Lothe i Kinn Bryggeri.

Han meiner at grunnen til at dei gjer det godt på denne testen, er at panelet i DN har eit tydeleg fokus på at øla dei smakar skal passe til mat. Kinn er sjølv opptekne av at ølet skal passe til julematen.

– Kva er løyndommen bak eit matvennleg juleøl?

– Det er ikkje altfor kraftig, og det er godt balansert. At det ikkje er nokre smakar som er veldig kraftige eller tar overhand, då fungerer det betre til mat. Om det har for mykje smak av humle, kan det gå ut over matvenlegheita. Det er min filosofi, seier Lothe.

Lothe fortel at dei i motsetnad til mange andre ølprodusentar har open gjæring. Dei fleste produsentane gjennomfører gjæringsprosessen der sukker blir til alkohol, i ein lukka tank under trykk. Kinn gjærar ølet i opne gjæringskar, noko som gjer det meir luftig, og som ifølge Lothe gir mjukare smak til ølet. Det fungerer fint til mat.

100.000 flasker juleøl

Kinn har i år fire juleøl på Vinmonopolet, som sel godt. «Eld» er utseld, men resten er på plass i hyllene. Lothe fortel at dei produserer om lag 100.000 flasker med juleøl i år.

– Kvifor skal vi velje øl til julematen?

– Julematen vi et er ofte ganske salt og feit, og dei tinga er det vanskelegare å matche med tradisjonelle vinar. Der er mange øl veldig bra. Elles kan ein òg gå for syrlege, litt musserande drikke. Fruktmost kan fungere godt til julemat, elles så fungerer Cider godt, seier han.

Han nemner at Balholm til dømes produserer ei blanding av eple blanda med rabarbra som er veldig friske og som fungerer fint til julematen. Dei har og gode alkoholfrie produkt.

Til dei som står heime og bryggar, tipsar Lothe om at det viktigaste er å fokusere på gjæringsprosessen.

– Heimebrygg har enkelt utstyr, så då blir det godt øl, seier Lothe.

Ægir bryggeri AS hadde i fjor eit negativt årsresultat før skatt på 3,2 millionar, og ein omsetnad 15 millionar kroner.

Kinn Bryggeri AS hadde i fjor eit årsresultat før skatt på 1,6 millionar, og omsette for 23 millionar kroner.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken