Rv. 5 i Jølster stengt etter snøras, og eit vogntog har køyrt utfor vegen ved Kjøsnesfjorden

Av
DEL

Rv. 5 nær Kleiva i Kjøsnesfjorden i Jølster er stengt på grunn av eit snøras.

Det melder Statens vegvesen på Twitter søndag klokka 12.18.

– Vi veit ikkje kor stort raset er, men det sperrar vegen, seier Morten Hansen i vegtrafikksentralen til Firda, og legg til at omkøyring blir via E39.

Entreprenør er på veg ut til staden for å sjå kor omfattande raset er.

Det har gått to andre ras i Sogn og Fjordane i dag, begge to i Høyanger kommune på fv. 92 og fv. 8.

Fv. 92 er opna att.

Som om ikkje det var nok. Eit vogntog har køyrt utfor vegen på rv. 5 ved Kjøsnesfjorden i Jølster, melder politiet på Twitter. Det er ingen personskade.

– Vi har ein patrulje som er på veg til staden no, seier Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til Firda.

Vogntoget skal ha fått trøbbel i bakken opp mot Fjærlandstunnelen og hamna utfor vegen. Vegen er open for fri ferdsel og bilberging er på veg til staden.

Artikkeltags