Ras ved vassenden: Begge sider av Jølstravatnet stengde

E39: Årsetelva har fløymd over og dratt med seg jord og steinar på E39 på Vassenden laurdag kveld.

E39: Årsetelva har fløymd over og dratt med seg jord og steinar på E39 på Vassenden laurdag kveld. Foto:

Vegen er stengd ved Vassenden, Skei og Kjøsnesfjorden.

DEL

(Firda) SISTE: Vegen er laurdag kveld stengd både ved Vassenden, Skei og Kjøsnesfjorden.

Vegtrafikksentralen melde klokka 22 om eit ras på E39 ved Vassenden. Klokka 22.40 opplyste operasjonsleiar Per Algrøy at politiet var framme på staden og at dei hadde utelukka at bilar eller folk var tekne i raset.

Raset har gått ved Årsetelva. Klokka 22.48 opplyser operasjonsleiar at ein patrulje var på veg mellom Vassenden og Skei for å møte bilane som stod ved Vassenden. Desse skulle då få køyre saman med politiet i retning Skei, slik at dei kom seg vekk frå staden før vegen blir heilt stengd ved Skei.

Det har ikkje gått fleire ras enn det ved Årsetelva, men politiet har valt å stenge både E39 og sørsida av Jølstravatnet på grunn av fare for skred.

– Det er mykje vatn som kjem ned fjellsida, seier Algrøy.

Ventar på geolog

Det er oppretta eit samlingspunkt på Vassenden med politi og brannvesen. Politiet venta klokka 22.48 på å få på plass ein geolog på staden for vurdere situasjonen.

– Vi må sjå litt an korleis ting utviklar seg og må få ein geolog på plass som kan seie noko om dette, seier Algrøy.

– Føre var

Innsatsleiar Joachim Malterud opplyser like før klokka 23.00 at det er relativt roleg på staden, men at dei har valt å stenge begge vegane for å vere føre var.

– Vi fekk først melding om at det gjekk overvatn der det store raset kom ved Vassenden i sommar. Politi og lokalt brannvesen rykte ut. Innan vi kom opp fekk vi melding om at også elva ved Svidalsneset rann over. Situasjonen var så uavklart at vi då umiddelbart stengde både nordsida og sørsida av Jølstravatnet, både ved hjelp av skilt og brannfolk, fortel Malterud.

Då var situasjonen at ein lastebil og nokre andre køyretøy stod innesperra mellom Svidalsneset og Vassenden. Malterud har ikkje oversikt over kor mange det var, men politiet jobba like før klokka 23.00 med å få bringa desse vekk frå staden og til Skei.

Politiet ventar no på rådgiving frå geolog for å sjå om noko av stenginga kan opphevast.

– Vi ønsker ikkje å stenge lenger enn vi må. Men det heile skjedde så fort at vi synest det var betre å vere føre var, seier Malterud.

– Men det er ikkje noko stress her no og folk her er ikkje redde, legg Malterud til.

Første melding klokka 22

– Vegen er stengd på Vassenden. Entreprenør er kalla ut, opplyste Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen like etter klokka 22.00.

Saka blir oppdatert.

VARSLING: Laurdag kveld var det komme opp skilt ved Biltema i Førde om at vegen var stengd ved Vassenden.

VARSLING: Laurdag kveld var det komme opp skilt ved Biltema i Førde om at vegen var stengd ved Vassenden. Foto:


Artikkeltags