Hyen Fisk har mist rundt 150.000 yngel

Foto:

Selskapet byrjar å få oversikt over skadeomfanget etter uvêret.

DEL

Tysdag kveld vart Hyen Fisk ramma av jord- og steinmassar då, skriv ilaks.no.

Men både styreleiar Kurt Djupvik og dagleg leiar Leiv Slagstad hos Nordfjord Laks, Hyen fisk sin hovudaksjonær, meiner det gjekk betre enn frykta - bygningen vart til dømes ikkje skadd.

Men ein heil del yngel gjekk altså tapt. Onsdag kveld kom dagleg leiar Åsmund Ommedal med tala.

– Vi har framleis ikkje full oversikt, men estimerer dødelegheit til rundt 150.000, seier Ommedal i ei tekstmelding til ilaks.no.

Han seier det er omtrent halvannan million fisk i anlegget. Yngelen som er i startfôring er på omtrent to og eit halvt gram, medan yngelen i veksthallen har ei snittvekt på 50 gram.

No har dei fullt fokus på å sikre fisken i anlegget, og ein går over heile anlegget på nytt.

– Fisken ser ut til å greie seg bra etter tilhøva, men det blir spennande å sjå korleis det utviklar seg framover dei neste dagane. Her blir mykje oppryddingsarbeid framover, seier Ommedal.

Artikkeltags