Hurtigruten skal av-robustifiserast

Hurtigruten: Regjeringa deler kystruta frå Bergen til Kirkenes i tre for å få større konkurranse på strekninga.

Hurtigruten: Regjeringa deler kystruta frå Bergen til Kirkenes i tre for å få større konkurranse på strekninga. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa vil ha større konkurranse. No delar dei skipsruta frå Bergen til Kirkenes i tre pakker.

DEL

– Regjeringa er opptatt av å stimulere til konkurranse. Konkurranse bidrar til at vi oppnår eitt godt tenestetilbod for kystbefolkninga, samtidig som de reisande og staten ikkje må betale meir enn det som er nødvendig, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding. Dette er bakgrunnen for at Samferdselsdepartementet opnar for at fleire reiarlag no kan konkurrere om ruta som Hurtigruten AS seglar i dag.

Hurtigruten AS har ei avtale som strekk seg ut 2019, med ein moglegheit for forlenging med eitt år. No startar prosessen med å lyse ut dette transporttilbodet på nytt. Konkurransen deles inn i tre pakker, slik at det vil vere mogleg for fleire reiarlag å betene ruta. To av pakkene har fire ruter, medan den tredje har tre ruter. Aller rutene er heilårlege, og gjennomgåande seglingar tur-retur Bergen-Kirkenes. Alle hamner på ruta skal framleis ha daglege anløp.

– Kystruta Bergen-Kirkenes er ein viktig del av transporttilbodet for befolkninga langs kysten og ein berebjelke for mange kystsamfunn. Tenesta bidrar også til å sikre tilgang til transport når andre moglegheiter fell bort, spesielt vinterstid med stengde vegar. I tillegg til framleis heilårlege, daglege seglingar til de same hamnene som før, vil den nye kontrakten deles i tre pakker. Dette vil auke moglegheita for konkurranse om tenesta, seier Solvik-Olsen.

Hurtigruten har i denne perioden fått eit årleg vederlag på rundt 700 millionar kroner får å frakte passasjerar og gods langs kysten. Det fekk EFTAs overvåkningsorgan til å opne sak mot Norge for å klargjere om dette har vore ulovleg statsstøtte. ESA konkluderte i vår med at det ikkje var ulovleg, men dei oppfordra samtidig Norge til å legge til rette for meir konkurranse om offentlege innkjøp av denne størrelsen i framtida. Det er dette samferdselsdepartementet no tek konsekvensen av.

– Vi ønsker å fjerne all tvil om at konkurransen på denne ruta er reell. ESA har vore veldig opptatt av at vi legger til rette for konkurranse. Det er lite sannsynleg at vi blir skulda for å utbetale ulovleg statsstøtte med dette konseptet, seier Solvik Olsen til NRK.

I praksis vil dette bety at det frå 2020 eller 2021 kan vere tre forskjellige reiarlag som seglar på den tradisjonsrike «Riksveg 1» frå Bergen til Kirkenes. Hurtigruten AS, eller ein annan aktør, kan framleis få tilslaget på alle seglingane, men dei må dele anbodet i tre, dei kan ikkje levere eitt bod på alle tre pakkane samla. Dette gjer det enklare for nye aktørar, som ikkje treng elleve skip for å vere med i konkurransen. Det held med tre eller fire. Transportforsker Gisle Solvoll ved Handelshøgskolen på Nord universitet har tidlegare uttalt til NRK at blant anna Fjord1 kan vere ein av utfordrarane, men administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, har ingen kommentar til dette på det noverande tidspunkt.

Konkurransedokumenta blir offentleggjort tysdag 19 september klokka 12.

Artikkeltags