Svak auke i influensatala

Av

Det er teikn på at influensaaktiviteten i Noreg aukar att, etter ein stagnasjon i veke to og tre. Men nivået er framleis lågt.

DEL

1,1 prosent av dei som gjekk til legen i veke fire, fekk diagnosen influensaliknande sjukdom. Dette blir rekna som eit lågt nivå, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

Det er så langt rapportert 970 funn av influensavirus blant 6.395 prøvar.

113 pasientar er innlagde på sjukehus med influensasjukdom. 97 av desse hadde influensa A, medan 16 hadde influensa B. Til samanlikning var 88 pasientar innlagde veka før.

Influensautbrotet i år starta i veke 52. Utbrot som startar rundt jul, har ofte utbrotstopp i februar/mars, men det er ikkje mogleg å seie noko sikkert om når toppen blir nådd og kor stort utbrotet blir, opplyser FHI.

Artikkeltags