Fleire snusar - færre røyker

Oslo  20141124.
Illustrasjonsbilder av snus og snusbruk.
Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

Oslo 20141124. Illustrasjonsbilder av snus og snusbruk. Foto: Erlend Aas / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Dei siste ti åra har delen daglegrøykjarar i Noreg gått ned frå 21 til 12 prosent, mens talet som snusar dagleg, har dobla seg frå 6 til 12 prosent.

DEL

Tala kjem frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og gjeld nordmenn mellom 16 og 74 år. Statistikken viser òg store skilnadar i fylka.

Delen som røykjer, har vore ganske stabil dei siste åra, men bruken av snus har auka. Det er framleis vanlegare å røykje enn å bruke snus kvar dag. Tendensen er at dei eldste røykjer, mens dei yngste bruker snus.

Tala viser at det er store skilnader når det gjeld kvinner og menn. Særleg blant yngre kvinner har bruken av snus auka dei siste åra. Éin av seks kvinner i alderen 16–34 år snuser dagleg, nesten like mange som jamgamle menn.

I Finnmark er det 16 prosent som snusar dagleg, følgt av Troms, Nordland og Oppland med 13 prosent. I Aust-Agder er det færrast som snusar, 7 prosent.

Når det gjeld røyking, er det Østfold som toppar statistikken. Der røykjer 16 prosent av befolkninga dagleg. I Telemark og Finnmark er delen 15 prosent. Finnmark er samtidig det fylket med den relativt sett kraftigaste nedgangen i del daglegrøykjarar ifølgje SSB.

Nedst på lista finn vi Oslo og Akershus, der høvesvis 8 og 9 prosent av innbyggjarane røykjer dagleg.

Artikkeltags