Det blir stadig fleire eldre. No meiner Stavø at pårørande må ta eit større ansvar.

HELSE OG OMSORG: Norunn Stavø, kommunalsjef Flora kommune.

HELSE OG OMSORG: Norunn Stavø, kommunalsjef Flora kommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Den norske befolkninga blir stadig eldre. Kommunalsjef Norunn Stavø meiner det tvingar det seg fram at pårørande må ta eit større ansvar for foreldra sine.

DEL

Flora kommune har eit stabilt folketal, men ei stadig aukande del eldre som har eit stort behov for kommunale tenester. I 2015 var det behov for 87 heildagsplassar for eldre i Flora. I 2040 reknar ein med behovet vil stige til 192. Det skriv NRK. Det er ei auke frå 50 årsverk til 105.

– Auken i talet på eldre vil bli så sterk at vi ikkje får nok varme hender til å ta seg av dei. Difor trur eg det vil bli heilt nødvendig at dei pårørande tek eit større ansvar for sine nærmaste, seier kommunalsjef for helse, sosial og omsorg i Flora kommune, Norunn Stavø til NRK.

Auken er dramatisk. På landsbasis var det per pensjonist heile fem personar i arbeidsdyktig alder i 2010. I 2040 trur ein at det vert berre tre personar i arbeid per pensjonist. I enkelte utkantkommunar kan dette talet kome ned i 1,5 arbeidsdyktige.

– Tanken min er ikkje at vi skal ha folk ut av vanleg jobb, men at eit samarbeid mellom pårørande og kommunen kan gjere at dei eldre kan bu lenger heime, seier ho til NRK.

Artikkeltags