– Blir Sogn og Fjordane første fylke til å notere seg for eit år utan nye tilfelle av livmorhalskreft?

Ameli Tropé, leiar for livmorhalsprogrammet.

Ameli Tropé, leiar for livmorhalsprogrammet. Foto:

HELSE: Ein ny testmetode er teken i bruk, og det,saman med HPV-vaksine, gjer legane optimistiske.

DEL

Frå 1. januar 2019 er det innført ny testmetode på livmorhalsprøven for kvinner i Sogn og Fjordane, som nokre av dei første i landet.
– Med denne testen får vi eit betre screeningprogram. Målet er å førebygge enda fleire tilfelle av livmorhalskreft, seier leiar i livmorhalsprogrammet Ameli Tropé.

Kvart år får om lag seks kvinner i Sogn og Fjordane livmorhalskreft. I Noreg er talet totalt på rundt 350 tilfelle i året.

– Kan Sogn og Fjordane bli det første fylket der det går eit heilt år utan eit einaste tilfelle av livmorhalskreft? Det er mogleg, seier Tropé.

På grunnlag av betre testmetodar og vaksine mot HPV-smitte ( HPV - Humant Papilloma Virus), som er årsak til nesten alle tilfelle av livmorhalskreft, er fagmiljøa no optimistiske, både i Norge og internasjonalt, og har tru på at det kan vera mogleg å utrydda denne frykta sjukdomen.

 Frå 1. januar 2019 er analysane for kvinnene i Sogn og Fjordane slik:

Aldersgruppa 25 år til og med 33 år blir som før undersøkt for celleforandringar. Ved normalt prøvesvar er neste prøve om 3 år.

For aldersgruppa 34 år – til og med 69 år går laboratoria gradvis over til ny metode, med test for HPV. Ved normalt prøvesvar blir neste prøve etter 5 år.

HPV-testen er meir følsam enn den gamle testmetoden så det er nok å sjekke seg kvart 5. år dersom testen er fin.

Tropé understreker at den gamle testmetoden også har god kreftførebyggjande effekt, men med denne må kvinnene sjekka seg kvart 3. år.

Overgang til den nye testmetoden vert gjort gradvis for å sikra at alle ledd i Livmorhalsprogrammet har kapasitet til omstillingene. Kvinnene kan ikkje sjølve velje testmetode.

Den nye prøven vert som før teken ved gynekologisk undersøking, men analysen på laboratoriet i etterkant er ny. Den nye testen leitar etter smitte med HPV, medan prøven tradisjonelt har vorte granska i mikroskop. HPV er svært vanleg og hos dei fleste forsvinn smitten utan at dei merkar at dei har vore smitta.

– Har ei kvinne HPV-smitte, er det verken einstydande med å få celleforandringar eller å få livmorhalskreft, men ho må følgast tettare. Dei aller fleste som blir smitta, kvitter seg med smitten igjen utan å merke noko, seier Tropé

Livmorhalsprogrammet sender som før påminning når det er tid for ny prøve. Kvinnene treng ikkje hugse kva testmetode dei er sjekka med.

– Vi vil også følge utviklinga i frammøte. Det viktigaste kvinnene sjølve kan gjere, er å ta livmorhalsprøve når påminninga kjem, understrekar Tropé.

Artikkeltags