Kom fram til Sentralsjukehuset sju timar etter brotskaden

UNØDVENDIG PÅKJENNING? Pasienten fekk mange timar i ambulansen. Illustrasjonsfoto: Camilla Aasen Bøe.

UNØDVENDIG PÅKJENNING? Pasienten fekk mange timar i ambulansen. Illustrasjonsfoto: Camilla Aasen Bøe.

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Fordi pasienten først skulle innom lokalsjukehuset, vart transporten fram til Førde sentralsjukehus lang og smertefull.

DEL

No blir det stilt spørsmål ved om rutinane for innlegging av pasientar frå lokalsjukehusområda er til beste for pasienten. Det skriv Firda. Bakgrunnen er ei hending der det tok sju timar å få ein pasient med brotskade fram til Førde sentralsjukehus. Hendinga vart rapportert inn til leiinga av ein tilsett, og er ei av fleire saker og driftsavvik som var omtala i den skriftlege rapporteringa til styret, i samband med siste styremøte i helseføretaket.

Episoden det handlar om, galdt ein pasient som hadde fått beinbrot. Rutinane som gjeld, gjorde at pasienten måtte innom legevakta på lokalsjukehuset før transporten mot Førde kunne starte, sjølv om dette var ein stor omveg.

Då pasienten med brotskaden kom til sjukehuset i Førde, var det gått sju timar sidan skaden, og seks timar sidan pasienten kom i ambulansen.

– Alt gjekk etter avtalte rutinar, men den tilsette spør om rutinane er til beste for pasienten, då pasienten hadde store smerter, står det i rapporten til styret.

Rapporten inneheld ingen opplysningar om korleis leiinga ser på ein så lang og smertefull transport, og om rutinene det her handlar om blir tekne opp til vurdering.

Artikkeltags