Forlenga rammeavtalen for fastlegeordninga med eitt år

Avtalen om fastlegeordninga held fram til 31. august 2020. Deretter må det finnast ei ny løysing.

DEL

- Etter langvarige forhandlingar konstaterer vi at det ikkje har vore mogleg å bli einige om ei videreutvikling av rammeavtalen på dette tidspunktet. Vi er difor einige om å forlenge den vi har, seier forhandlingsleiar og arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS.

KS har vore pådrivar for å reetablere trepartssamarbeidet mellom Legeforeningen, Helse- og omsorgsdepartementet og KS. Partane jobbar blant anna saman for å utarbeide alternative finansieringsmodellar. Dette arbeidet har frist 1. september i år. Same dag er frist for levering av den eksterne evalueringa av fastlegeordninga.

- For oss har det vore viktig å jobbe saman om å finne dei rette grepa for ei god og bærekraftig fastlegeordning framover. For KS er det avgjerande at kommunane har tilstrekkeleg handlingsrom for å sikre ei god kommunehelsetjeneste, i tråd med ansvaret dei har. Kommunen må ha høve til å organisere tenesten etter lokale behov. Det er også viktig å bidra til at kommunen framstår som ein attraktiv arbeidsgivar for dei unge legane, sier Tor Arne Gangsø.

Eit krevjande tema i forhandlingane har vore den nye spesialistutdanninga i allmennmedisin. KS har tidlegare påpeika overfor staten at den nye spesialistutdanninga ikkje er fullfinansiert, noko staten er ueinig i. KS vil ikkje legitimere at kommunane skal betale meir enn det staten legg til grunn gjennom den nasjonal rammeavtalen.

Artikkeltags