Sogn og Fjordane er best på jod

Helsemyndigheitene anbefalar at barn under 18 og gravide og ammande bør ha jodtablettar tilgjengelege i tilfelle ei atomulukke. Det er langt igjen før alle har følgt det rådet, men Sogn og Fjordane ligg på topp.

DEL

Det er også anbefalt at personar i alderen 18 til 40 år har tilgang på jodtablettar, då det i spesielle situasjonar kan vere aktuelt også for denne aldersgruppa å ta jod for å redusere risikoen for kreft i skjoldbruskkjertelen ved ei atomulukke.

Les helsemyndighetenes råd

Tal fra Apotekenes bransjestatistikk viser at det sidan jodtabletten Jodix blei tilgjengeleg i apoteka 1. november i fjor, er selt 47.700 pakninger. Det er 2,7 millioner innbyggarar i Norge under 40 år, der 1,1 millioner er under 18 år. Sjølv om kvar pakning inneheld 10 tablettar, er det langt igjen til at alle under 40 år har enkel tilgang på jodtablettar i tilfelle ei atomulukke.

Omsetninga av Jodix har lege på et vesentleg lågare nivå så langt i 2019 samanlikna med hausten 2018.

Det er store fylkesvise skilnader i kven som har skaffa seg jodtablettar: Flest er det selt i Sogn og Fjordane, følgt av Oslo og Akershus. Færrast tabletter per innbyggar er det i Agder, Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er selt 70 prosent fleire jodtabletter per innbygger i Sogn og Fjordane enn i Agder.

Artikkeltags