Rabies-smitta pasient døydde måndag kveld

RABIESSMITTA PASIENT DØYDDE: Førde sentralsjukehus opplyste måndag kveld at pasienten som var innlagt med rabiessmitte døydde tidleg måndag kveld.

RABIESSMITTA PASIENT DØYDDE: Førde sentralsjukehus opplyste måndag kveld at pasienten som var innlagt med rabiessmitte døydde tidleg måndag kveld. Foto:

Av

Måndag kveld døydde pasienten om var innlagt med rabiessmitte på Førde sentralsjukehus.

DEL

– Pasienten var innlagt i vår intensivavdeling, og døydde fredeleg med den næraste familien rundt seg, opplyser fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes i ei pressemelding. Det skriv Firda.

Pasienten vart smitta av sjukdommen ved eit hundebit under ein ferietur i Asia for om lag to månader sidan. Sjukehuset fekk kjennskap til kontakten med hund sist torsdag, og laurdag stadfesta prøvesvar at vedkommande var smitta av rabies.

Helse Førde vil halde fram sitt arbeid med smittevern blant eigne tilsette og andre som var i kontakt med pasienten.

Helse Førde legg til at dei ikkje kjem til å gje ytterlegare kommentarar eller intervju til media måndag kveld. Dei skriv også i pressemeldinga at dei pårørande har bede dei om å formidle at dei ikkje ønsker å bli kontakta av media.

Helse Førde har gitt tilsette rabies-vaksine

Låg på isolasjon etter rabies-smitte

Låg på isolasjon etter rabies-smitte Veterinær om rabies: – Det er ein svært frykta sjukdom

  – Vår viktigaste oppgåve er å behandle pasienten og ta vare på dei pårørande

Mistenker at pasient er smitta av rabies 

Artikkeltags