Pasient fekk feil medisin - trass i at det stod i journalen at han var allergisk

FEKK FEIL ANTIBIOTIKA: Pasienten fekk antibiotika han tidlegare hadde hatt ein allergisk reaksjon mot.

FEKK FEIL ANTIBIOTIKA: Pasienten fekk antibiotika han tidlegare hadde hatt ein allergisk reaksjon mot. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Gjennom ein tolk svarte den utanlandske pasienten at han ikkje var allergisk mot noko, men i journalen kom det fram at han tidlegare hadde hatt ein allergisk reaksjon mot antibiotikumet han fekk.

DEL

Hendinga er ei av fleire saker om avvik og uønskte episodar frå april som er rapportert inn til styret for Helse Førde. Det skriv Firda.

Pasienten var utanlandsk, og kunne verken norsk eller engelsk. Vedkommande hadde med seg ein pårørande som tolk. Det blei spurd om pasienten var allergisk mot noko, og svaret var at det var han ikkje. Pasienten fekk då intravenøs antibiotika.

Tidlegare allergisk reaksjon

– Men etter at første dose var gitt, blei det oppdaga at det låg informasjon om tidlegare allergisk reaksjon på denne type antibiotika i journalen. Legen endra då til ein annan type antibiotika. Pasienten fekk ingen reaksjon på feilmedisineringa, skriv Helse Førde i rapporten.

Kunne blitt farleg: Pasientar kom til MR med pacemaker

Tragisk ulukke – ikkje funne at personalet handla feil 

Artikkeltags