Mann skada i anleggsulykke

Artikkelen er over 1 år gammel

Det melder Helse Førde på Twitter.

DEL

Klokka 11:37 skriv Helse Førde på Twitter at det har vore ei ulykke i Bremanger. Ein person skal ha blitt skada under arbeid med ei anleggsmaskin.  Klokka halv eitt følgjer politiet på Twitter opp med ei melding om at anleggsmaskina skal ha velta medan føraren var inni. Han var bevisst etter ulukka som skjedde på Dyrstad i Bremanger. Personen er sendt til Føde sentalsjukehus med helikopter. Den skadde mannen skal vere 38 år gamal og var på jobb for Bremanger Quarry når ulukka skjedde.

Mannen skal få behandling for brotskader i ribbeina og kuttskader ved intensivavdelinga. Politiet har snakka med mannen og skal etterforske hendinga etter helga. Sjølve køyretøyet som velta, ramla nedover ei fjellside, då mannen var på jobb ved eit steinbrot som selskapet har ved Dyrstad.

Artikkeltags