Får brev frå Helse Førde – trur dei skal møte opp i Førde

MISTYDING: Einskilde pasientar ser ut til oppfatte namnet «Helse Førde» litt for bokstavleg.

MISTYDING: Einskilde pasientar ser ut til oppfatte namnet «Helse Førde» litt for bokstavleg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Fleire sjukehuspasientar møter fram på feil stad for å få behandling.

DEL

Pasientar får innkalling til sjukehusbehandling i Lærdal eller på Nordfjordeid, men ser det står «Helse Førde» på konvolutten og brevarket, og endar opp med å møte fram på Førde sentralsjukehus. Det skriv Firda.

Namnet på helseføretaket viser seg å skape problem av eit heilt anna slag enn det handla om under sjukehusstriden ei tid tilbake. Den gongen var ikkje få aksjonistar og lokalsjukehusforkjemparar overtydde om at Helse Førde hadde fått namnet sitt fordi berre sentralsjukehuset betydde noko, og at planen var å etter kvart sentralisere alt til Førde.

Men det som viser seg å skje med jamne mellomrom, er at pasientar oppfattar namnet på helseføretaket som innkallingsstaden.

Fleire saker

– Fleire saker handlar om at pasientar har møtt fram feil stad, skriv føretaksleiinga i ei orientering som før helga vart lagt fram for styret.

– Når pasientane får brev frå Helse Førde, trur fleire at dei skal møte fram i Førde, skriv leiinga, og legg til: Det blir no ein gjennomgang av brevmalane og SMS-meldingane som blir sende til pasientane, for å gjere frammøtestad endå klarare.

Helse Førdes kommunikasjonssjef, Terje Ulvedal, seier han trudde namnet «Helse Førde» var så innarbeidd at det ikkje skulle oppstå denne typen problem.

– Men det er tydeleg at det skapar vanskar. Det einaste ein kan gjere, er å presisere frammøtestaden endå tydelegare, seier han.

– Burde ein skifta namn på helseføretaket?

– Eg tvilar på det. Etter 16 år er namnet er så innarbeidd at det neppe er aktuelt.

Få bort mistydingar

Også administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, seier det må gjerast endringar som gjer det endå lettare for pasientane å oppfatte kvar dei skal møte fram for å få behandling.

– Vi må få bort mistydingar, seier Varden. Han har likevel ikkje inntrykk av at feil oppmøtestad er noko stort problem.

– Når det gjeld frammøte til behandling, er vel Helse Førde heller eit godt føredøme, samanlikna med andre føretak, seier toppsjefen.

Driftsrapporten som nyleg vart lagt fram for styret viser at andelen pasientar som ikkje har møtt opp til behandling eller kontroll, har vore gradvis minkande det siste året. I mars var denne andelen på litt over to prosent. Det er det lågaste nivået i Helse Vest.

Artikkeltags